Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:950 (2018-2019)
Innlevert: 12.02.2019
Sendt: 12.02.2019
Besvart: 21.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): I 9. desember 2006 innførte Norge bruken av digitale fartsskrivere for transport over 3,5 tonn. Digital fartsskriver har vist seg å forenkle bruken av fartsskriver, hindre fusk og manipuleringer og sikre at reglene for kjøre- og hviletid følges.
Vil statsråden vurdere å innføre påbud om digital fartsskriver også for varevogner/lastebiler under 3,5 tonn, slik at det kan gjelde alle yrkessjåfører?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Vi ser ein aukande bruk av varebilar i konkurranse med tungtransporten. Gode tiltak for å sikre rett konkurranse mellom køyretøygruppene og effektive, målretta kontroller også for varebilar, er difor svært viktig.

Eg kan nemne at vi difor no kartlegger omfanget av overlast på varebilar, ved auka kontrollverksemd særskilt retta mot denne gruppa, med føremål å vurdere behovet for skjerpa sanksjonar.

Påbod om fartsskrivar i køyretøy med tillaten totalvekt under 3,5 tonn, vert og diskutert. Mellom anna i treparts bransjeprogrammet for transport.

Det er i utgangspunktet arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova som regulerer arbeidstida til sjåførar som driv yrkestransport med lette køyretøy. Varebilar under 3,5 tonn blir ofte nytta til distribusjonskøyring over kortare distansar og i samband med ulike handverkartenester. Dei vil difor berre unntaksvis omfattast av det EØS-rettslege køyre- og kviletidsregelverket.

Det er utfordringar med å påleggje fartsskrivar for varebilar under 3,5 tonn. Dei er ikkje tilrettelagde for slik montering, og eit pålegg vil difor krevje store tekniske tilpassingar, med tilsvarande økonomiske konsekvensar for bedriftene. Ettersom varebilane som nemnd berre unntaksvis er omfatta av køyre – og kviletidsregelverket, må det vurderast om det er rimelig å pålegge alle som nyttar slike køyretøy kostnadene ved eit allment pålegg om fartsskrivar.

Eg er kjend med at nokre land i Europa har innført køyre- og kviletidsreglar for lette varebilar innafor avgrensa transportverksemder. Dei nyttar ikkje pålegg om digital fartsskrivar, men krav om at sjåføren må føre køyretid i ei køyrebok. Eg ser ikkje at slike manuelle registreringar er vegen å gå, men vi følgjer som sagt utviklinga på området nøye, og vil sjå hen til erfaringane dei nemnde landa gjer seg med ordninga.

Regjeringa vurderer kontinuerlig regelverksendringar som skal sikre ein seriøs og trygg transportbransje. Forslaget som representanten nemner er eit av dei mange forslaga.