Skriftlig spørsmål fra Kristoffer Robin Haug (MDG) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1153 (2018-2019)
Innlevert: 06.03.2019
Sendt: 06.03.2019
Besvart: 15.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kristoffer Robin Haug (MDG)

Spørsmål

Kristoffer Robin Haug (MDG): Stortinget har fattet vedtak om hvor InterCity-traseen mellom Follo og Halden skal gå. Det ligger an til flere konflikter og mye større inngrep i Østfoldbyene enn det som var forventet da planene ble vedtatt. Samtidig foreligger ikke noen god plan for tilkobling av banen fra Halden til Sverige som kan ivareta godstransporten og kombineres med lyntog i fremtiden.
Ser ministeren et behov for å foreta ny vurdering av om InterCity-løsningen for nye Østfoldbanen fremdeles er hensiktsmessig å bygge i vedtatt trase?

Begrunnelse

Det er en lang rekke alternative løsninger for InterCity-utbyggingen i Østfold som ikke er utredet. Det som har kommet frem av fakta om dagens foreslåtte løsning er blant annet at det vil være en veldig kostbar løsning som vil oppnå lite av potensialet som ligger i en så stor infrastrukturutbygging.
Granavolden-plattformen sier bl.a. at "Det er også et mål for regjeringen at mer gods kan fraktes på jernbanen for å redusere miljøbelastningen fra tungtransporten", men det er ikke lagt opp til noen god løsning for godstransport som kunne fjernet mange lastebiler fra veiene og spart store utslipp i dagens forslag.
CO2-regnskapet kunne vært betydelig bedre. Det vil være vanskelig å konkurrere med flytrafikken med den foreslåtte løsningen. Den innebærer også tap av naturverdier, biologisk mangfold og kulturminner.
Så lenge spaden ikke er satt i jorda er det fortsatt mulig å finne en løsning som bedre ivaretar fremtidens behov for både reisende, innbyggere og naturen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Sidan 1990-talet er det ved fleire høve gjort vurderingar av framtidig jernbanetrase gjennom Østfold, både med og utan betening av byane undervegs. I 2010-12 blei det gjort ei konseptvalutgreiing (KVU) av alternative korridorar, med tilråding om at Østfoldbanen også i framtida skal ha stasjonar i byene Fredrikstad, Sarpsborg og Halden. Denne tilrådinga fekk tilslutning ved regjeringa si handsaming av KVUen og av Stortinget gjennom handsaminga av Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014-2023.
Etter KVUen er det arbeida vidare med føresetnaden om at gjeldande korridor framleis skal nyttast og utvidast til dobbeltspor, saman med ei oppgradering av knutepunktfunksjonane i bysentraene. Det er òg gjort utgreiingar som viser ulike trasear for vidareføring av bana mot Sverige.
Det er eit overordna mål at veksta i persontransport i byområda skal takast med kollektiv, sykkel og gange. For å nå dette målet er det avgjerande at stasjonane ligg sentralt i byane, slik at dei reisande kjem seg enkelt til og frå stasjonen. For å få mest mogleg nytte av satsinga må stasjonen være eit godt knutepunkt med kort veg til arbeidsplassar, butikkar, boligar og kulturtilbod. Bane NOR arbeider difor saman med andre aktørar om knutepunktutvikling.
I Fredrikstad er planen å bygge ny stasjon på Grønli. Flytting av stasjonen i Fredrikstad til Grønli gir den beste plasseringa for å skape eit godt knutepunkt med kollektiv- og vegsystem (jamfør konseptvalutgreiinga for InterCity). Stasjonsplasseringa ligg òg inne i Fredrikstad sin kommunedelplan frå 1997 og er lagt til grunn i sentrumsplanen. Eksisterande stasjon i Sarpsborg er vurdert å vere den beste for å styrke sentrum, lage gode atkomstar til stasjonen og eit godt knutepunkt (jamfør fastsatt planprogram). Det blir for tida arbeida med kommunedelplan for dobbeltspor gjennom Fredrikstad og Sarpsborg. Som grunnlag for kommunedelplanen ligg det føre planprogram som er politisk handsama i dei to kommunane.
Eit planprogram er ein "plan for planen" og skal mellom anna seie noko om formålet med planarbeidet, kva for alternativ som skal utgreiast, planprosessen og opplegget for medverking. Bystyra i Fredrikstad og Sarpsborg fastsette planprogrammet i desember 2016 og mars 2017. Kommunestyret i Fredrikstad fastsette planprogrammet ved einstemmig vedtak 8.12.2016. Ved handsaminga av planprogrammet i kommunestyret i Sarpsborg 2.3.2017 fekk benkeforslag om òg å inkludere ny stasjonslokalisering utanfor byen 12 stemmer (av 43) og blei nedstemt. I ettertid har det vore eit betydeleg engasjement frå representantar frå dette mindretalet til fordel for alternativ der dobbeltsporet og stasjonen plasserast utanfor Sarpsborg by (ved Rolvsøy).
Sidan handsaminga av planprogrammet har kommunane og Bane NOR arbeidd med forslag til kommunedelplan og det ligger an til fyrste gongs handsaming sommaren 2019 i Fredrikstad og Sarpsborg kommune. Planlegging av dobbeltspor gjennom Halden har ikkje kome i gang enda, men Halden kommune arbeider for tida med kommuneplanen si arealdel, kor ein legg til grunn dagens stasjonslokalisering.
Dersom ein skal endre dei konseptvala som er foretekne vil det også auke risikoen for framdrifta i utbygginga av IC gjennom Østfold.
På denne bakgrunn ser ikkje eg at det er naudsynt med ei ny vurdering av traséføring for Østfoldbanen mellom Ski og Halden.