Skriftlig spørsmål fra Bengt Fasteraune (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1338 (2018-2019)
Innlevert: 28.03.2019
Sendt: 28.03.2019
Besvart: 08.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bengt Fasteraune (Sp)

Spørsmål

Bengt Fasteraune (Sp): Vil statsråden ta et initiativ overfor grunneierne langs Sørlandsbanen Vest for å sikre at de blir kompensert for kostanden med å erstatte dagens gjerder?

Begrunnelse

Grunneiere langs Sørlandsbanen Vest har fått brev fra Bane NOR om at de vil sette i gang arbeidet med å få fjerne gjerdene langs Sørlandsbanen Vest. Dette gjør Bane NOR fordi de ikke har budsjettmidler til å vedlikeholde disse gjerdene. Flere av grunneierne er avhengig av å ha gjerde og det legges opp til at de må ordne dette selv. Dette vil medføre store kostnader, blant annet fordi det er en sikkerhetsrisiko å arbeide med å sette opp gjerder samtidig som det er togtrafikk på denne strekningen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Påkøyrslar av dyr er noko som diverre skjer ved drift av eit jernbanenet. Bane NOR jobbar aktivt med å førebyggje dyrepåkøyrslar ved å sette opp gjerder langs jernbana. Bane NOR prioriterer gjerding der dei har størst effekt. Effektar og mål vert følgd opp tertialvis av Jernbanedirektoratet og rapportert vidare til Samferdselsdepartementet.
Eg har innhenta vurdering frå Bane NOR om korleis dei vil handtere denne saka. Det ligg til Bane NOR å gjere desse vurderingane gjennom sitt oppdrag om å bygge og drifte jernbanenettet i Noreg på ein god og sikker måte. Bane NOR melder at gjerda som dei vil fjerne, ikkje er sett opp med hensikt om å forhindre påkøyrsel av dyr, men for å markere eigedomsgrensene. Grunneigarane som mistar gjerde mot jernbana, har ikkje eit rettsleg krav på kompensasjon. Det er såleis ikkje avsett middel til kompensasjon eller etablering av nye gjerde i desse tilfella. Det er liten tryggingsrisiko forbunde med at grunneigarane sjølv set opp gjerde, dersom ein føresett at det blir gjort i samråd med og løyve frå Bane NOR. Etter jernbanelova er det forbode utan løyve å setja opp gjerde eller annan innretning innafor 30-meter frå jernbanesporet.