Skriftlig spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1601 (2018-2019)
Innlevert: 09.05.2019
Sendt: 10.05.2019
Besvart: 20.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): Hvilke grep tar regjeringen for å sørge for at små og mellomstore entreprenører kan byge opp kompetanse og erfaring når kontraktene som lyses ut på vegbygging blir stadig større og mer krevende?

Begrunnelse

Det finnes svært få kontrakter i 30-40 millioners klassen. Det finnes mange små kontrakter fra blant annet Statens vegvesen, men det er et stort skritt opp til de store milliard-kontraktene. Det er krevende for mange små og mellomstore entreprenørbedrifter i hele landet. Disse bedriftene er viktig lokalt men trenger også andre typer kontrakter for å kunne utvikle og løfte seg.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg er samd i at det over tid har utvikla seg ein trend der dei store kontraktane blir større. Dette er ei utvikling som har vore ønska både av byggherre og entreprenørbransjen sjølve.
Eg vil likevel vise til at det fortsatt blir lagt ut kontraktar med ulike kontraktstørrelsar. Til dømes lyste Statens vegvesen i 2018 ut over 140 kontraktar som var under 5 millionar kroner. I same periode vart det lyst ut om lag 70 kontraktar i storleiken 5-10 millionar kroner, 108 kontraktar i storleiken 10-25 millionar kroner og nesten 50 kontraktar i storleiken 25-50 millionar kroner. Desse tala har vore relativt stabile over fleire år.
Eg meiner difor det blir feil å berre ha fokus på at nokre av dei store kontraktane blir større. På bakgrunn av dette ser eg heller ikkje behov for å gå inn og regulere kontraktstrategiane til byggherrane. Innan samferdsel blir det lagt stor vekt på optimalisering av prosjekta for å oppnå meir kostnadseffektiv prosjektgjennomføring og dermed meir veg for pengane. Å velje ein kontraktstrategi tilpassa det enkelte prosjekt er ein av fleire faktorar i denne optimaliseringa. Eg kjem til å følgje med på utviklinga i dette.
For regjeringa er det viktig å få meir infrastruktur for pengane, dersom ein skal lukkast med det er det avgjerande at kontraksstrategiane gjer at vi har verksam konkurranse i alle konkurransar. Eg legg til grunn at våre etatar og selskap bidreg til det.