Skriftlig spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1679 (2018-2019)
Innlevert: 22.05.2019
Sendt: 22.05.2019
Besvart: 29.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Kan ministeren angi omlag når tid det kan bli oppstart på utbedring på Kvænangsfjellet?

Begrunnelse

Kvænangsfjellet er en svært viktig fjellovergang mellom Troms og Finnmark, med stort behov for å forbedre regulariteten.
Kvænangsfjellet var planlagt oppstart prosjektering i 2019 og selve arbeidet skulle starte i 2020 jfr. NTP og Statens Vegvesens handlingsprogram.
Det er behov for informasjon og avklaring knyttet til Kvænangsfjellet, all den tid vi allerede er langt ute i 2019.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til at Samferdselsdepartementet no har lagt fram forslag for Stortinget om at strekninga E6 Kvænangsfjellet i Troms blir overført til Nye Veier AS, jf. Prop. 110 S (2018-2019). Nye Veier ligg an til å sluttføre prosjekta i porteføljen mykje tidlegare, til ein lågare kostnad og med ei høgare samfunnsøkonomisk lønnsemd en føresett. Eg meiner difor det er gunstig å utvide porteføljen til selskapet no, mellom anna med E6 Kvænangsfjellet, sånn at dei kan nytte erfaringane sine i fleire prosjekt.
Eg meiner det ikkje vil vere riktig av meg å gå nærmare inn på detaljar i framdrifta for dei føreslåtte nye prosjekta no. Eg vil vise til at saka om å overføre mellom anna E6 Kvænangsfjellet til Nye Veier fortsatt er til behandling i Stortinget, og prosjektet er difor enno ikkje ein del av selskapet si portefølje.
På generelt grunnlag er eg likevel kjend med at Nye Veier vil sette i gang ein gjennomgang av deira metodikk for å prioritere prosjekt innafor porteføljen, dersom selskapet overtek ansvaret for nye strekningar. I dette arbeidet vil dei mellom anna sjå på behovet for å gjere justeringar og forbetringar av eksisterande metodikk, dersom dei blir tilførd nye prosjekt med andre typar utfordringar enn tidlegare. Slike nye typar utfordringar kan til dømes vere skredproblematikk, vinterregularitet m.m.
Nye Veier har opplyst at dei som hovudregel gjennomfører porteføljeprioriteringar to gonger om året. Dersom selskapet overtek dei nye strekningane vil dei inngå i vurderingane om prioritering på lik linje med selskapet sine noverande strekningar.