Skriftlig spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1729 (2018-2019)
Innlevert: 28.05.2019
Sendt: 29.05.2019
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 05.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Når vil regjeringa sette i gang etableringen av oljevern- og miljøsenter på Fiskebøl i Hadsel kommune?

Begrunnelse

I Sundvollenplattformen ble det avklart at regjeringen ønsker en satsing på oljevern- og miljøsenter i Vesterålen og Lofoten. Dette har vært på utredning hos Samferdselsdepartementet siden 2016. Nå ser det ut til at man legger opp til flere utredninger, samtidig som man lokalt avventer avklaring i saken. Det har snart gått 6 år siden nyheten om senteret ble frigitt.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som stortingsrepresentant Borch viser til, går det fram av Sundvollenplattformen at det "skal etableres en miljøbase/oljevernbase i Lofoten og Vesterålen". I Granavoldenplattformen går det vidare fram at regjeringa skal "utvikle Senter for oljevern og marint miljø i Lofoten og Vesterålen som et nasjonalt og internasjonalt ledende kompetansemiljø for arbeidet med oljevern og mot marin plastforsøpling".
Regjeringa etablerte i februar 2018 Senter for oljevern og marint miljø i Svolvær i Vågan kommune. Senteret skal utviklast til å bli eit kompetansesenter innanfor arbeidet med oljevern og marin plastforsøpling og fremje kunnskap, kostnadseffektive og miljøvenlege teknologiar og metodar. I Prop. 1 S (2017-2018) går det fram at det skal etablerast "tilhørende FoU/praktiske oppgaver på Fiskebøl i Hadsel kommune", og i Prop.1 S (2018-2019) er det gjenteke at det på sikt skal etablerast verksemd i Fiskebøl i Hadsel kommune i Vesterålen.
Det er ikkje rett slik det blir hevda frå spørsmålsstillaren, at det er bestilt fleire utgreiingar.
I januar 2018 leverte Kystverket ei utgreiing av etablering av fasilitetar for simulering av isfylte farvatn og strender. For å sjå Kystverket si utgreiing i samanheng med etableringa av Senter for oljevern og marint miljø på Fiskebøl, og dermed leggje til rette for den beste moglege løysinga for etablering av testfasilitetar, gav Samferdselsdepartementet Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø hausten 2018 i oppdrag greie ut etablering av fasilitetar for testing av oljevernteknologi. Det blei presisert at utgreiinga skulle ha ei brei tilnærming der både oljevern, marin forsøpling og synergiar skulle vurderast. Ulike alternativ for etablering av testfasilitetar på Fiskebøl er blant dei aktuelle alternativa i utgreiinga. Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø leverte utgreiinga 29. mars 2019, og denne er no til behandling i Samferdselsdepartementet.
Regjeringa har på eit år etablert SOMM med hovudkontor i Svolvær med 11 tilsette.
For regjeringa er det viktig å sikre at utviklinga av SOMM også i det vidare skal vere godt fagleg forankra, og at ei etablering av verksemd på Fiskebøl varetek dei behova som senteret skal arbeide med.
Regjeringa vil syte for at det vert etablert aktivitet frå SOMM på Fiskebøl.