Skriftlig spørsmål fra Solfrid Lerbrekk (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1746 (2018-2019)
Innlevert: 31.05.2019
Sendt: 31.05.2019
Besvart: 21.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Solfrid Lerbrekk (SV)

Spørsmål

Solfrid Lerbrekk (SV): Mange er opptatt av at innkrevingsperioden for Hauglandspakken ikke blir forlenget etter 2023 og peker på den muligheten at det meste av nåværende gjeld bør betales ned før nye prosjekter lyses ut på anbud.
Hvordan vil statsråden sikre god økonomistyring i Hauglandspakken, herunder at det ikke brukes mer penger enn det som er til rådighet når innkrevingsperioden er planlagt avsluttet 31.12.2023?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget slutta seg til delvis bompengefinansiering av Haugalandspakken gjennom behandlinga av St.prp. nr. 57 (2006-2007), jf. Innst. S. nr. 214 (2006-2007), og St.prp. nr. 45 (2007-2008), jf. Innst. S. nr. 242 (2007-2008). Det var få prosjekt som hadde godkjende reguleringsplanar då proposisjonane blei lagt fram og behandla av Stortinget. Gjennom reguleringsprosessen er plangrunnlaget for prosjekta blitt betre, men samtidig har kostnadene auka. Som følge av dette, er prosjektomfanget redusert. I tillegg har eit forslag om å auke bompengetakstane fått tilslutning i aktuelle kommunar og fylkeskommunar.
Statens vegvesen har enno ikkje sendt saka til Samferdselsdepartementet for vidare behandling. Ei eventuell sak om auka økonomisk ramme for Haugalandspakken vil måtte vurderast av departementet og eventuelt deretter leggast fram for Stortinget. Inntil ei eventuell sak om auka økonomiske ramme er vedtatt av Stortinget, må prosjekt og tiltak prioriterast innanfor den vedtekne økonomiske ramma, slik at gjelda er nedbetalt når bompengeinnkrevjinga blir avslutta. Dette skjer gjennom porteføljestyring i regi av styringsgruppa og lokale styresmakter, i samsvar med dei prinsippa som gjeld for styring av bompengepakker.
Som peikt på ovanfor, ligg ikkje ei sak om revisjon av Haugalandspakken til behandling i Samferdselsdepartementet. Eg viser for øvrig til brevet mitt til Vegdirektoratet datert 20. mai 2019 om retningslinjer for porteføljestyrte bypakker, og legg til grunn at Vegdirektoratets innspel til departementet om ei eventuell revidert Haugalandspakke legg vekt på føringane i brevet.
Departementet vil deretter ta stilling til saka.