Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2351 (2018-2019)
Innlevert: 27.09.2019
Sendt: 30.09.2019
Besvart: 07.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Vil statsråden sørge for permanente alternativer for reisende på Østfoldbanen og andre lokaltoglinjer som er sterkt berørt av innstillinger og forsinkelser?

Begrunnelse

Problemene med lokaltogtrafikken vil ingen ende ta. Det skaper store problemer for folk som skal rekke jobb, henting i barnehage/skole og andre gjøremål i hverdagen. Det ustabile tilbudet over så lang tid, krever at vi må ha flere ben å stå på. Buss for tog-løsningene må tilbake som et permanent avlastningstilbud, slik at folk kan stole på kollektive reisemidler i hverdagen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: La meg først seie at eg har stor forståing for frustrasjonen mange reisande på Østfoldbanen opplev. Dei reisande har opplevd ei rekke avviksituasjonar den siste tida, og då spesielt dei første vekene etter sommaren. Dette er svært uheldig, og bakgrunnen for at eg i slutten av august bad Jernbanedirektoratet gjere greie for problema knytte til forseinkingar og innstillingar som oppstod då dei sommarstengte strekningane opna for trafikk igjen i byrjinga av august. I tillegg kalla eg aktørane inn til eit møte for å få ei orientering, og diskutere moglege åtgjerder som kan settast inn for å betre reisekvardagen for pendlarane.
Trafikkavtalen mellom Vygruppen AS (Vy) og Jernbanedirektoratet er utarbeidd slik at Vy er tent med å ha flest mogleg reisande. Fornøgde reisande vil i praksis seia fleire reisande. Det er med andre ord i Vy si eiga interesse at dei reisande på Østfoldbanen, og på resten av dei togstrekningane VY opererer, opplever eit stabilt og godt reisetilbod.
Eg har også utfordra selskapet på om det ikkje vil være formålstenleg med ei vesentleg betre avvikshandtering enn det vi har sett dei siste månadane. Selskapet har meldt til meg at deira erfaring er at få vel bussalternativ, også på dagar med avvik i togtrafikken.
Det er viktig at Bane Nor og Vy i fellesskap handterer avvikssituasjonane betre enn det vi har sett i år. Det handlar både om betre førebygging av avvik, tilstrekkelig informasjon når avvik oppstår, og tilstrekkelig kapasitet på alternativ transport. Eg vil i fortsettinga følgje dette opp ovanfor aktørane.
På bakgrunn av ovannemnde er det på det noverande tidspunkt ikkje aktuelt å setja inn permanente alternative transporttilbod på Østfoldbanen, men eg vil følgje situasjonen tett. Eg vil be jernbaneaktørane om fortløpande å vurdere bruk av alternative transportmiddel, og legge til rette for god og rettidig informasjon til de reisande. Den situasjonen som passasjerane på Østfoldbanen opplev, må forbetrast.