Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:273 (2019-2020)
Innlevert: 09.11.2019
Sendt: 11.11.2019
Besvart: 21.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Trafikkproblemene på E134 i Lier, der over 18.000 biler ledes gjennom boligområder, er velkjent. Ny vei på strekningen Dagslett - E18 er igjen hos Statens vegvesen der nye traseer er lansert, etterfulgt av nye utsettelser. Dette til tross for at Lier kommune har klar politisk enighet for at lang tunnel via Viker til E18 er eneste ønskede alternativ for å spare vår kanskje mest verdifulle matjord.
Hva ser statsråden skal til for at vegprosjektet prioriteres i neste NTP, og for at Liers foretrukne alternativ skal følges?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Planprogrammet for E134 Dagslett – E18 vart sendt kommunane for førstegongs behandling i midten av september 2019. Røyken kommune har fatta nødvendige vedtak, medan Lier kommune etter planen skal behandle saka i møte i kommunestyret 10. desember. Frå Statens vegvesen si side er det lagt opp til at planprogrammet skal leggjast ut til offentleg ettersyn/sendast på høyring med fire alternative korridorar, mellom anna Vikerkorridoren. Dette er i samsvar med Rundskriv T-1057 Retningslinjer for planlegging av riks- og fylkesvegar etter plan- og bygningslova som krev at rimelegaste realistiske alternativ alltid skal utgreiast. Det blir arbeidd med sikte på planvedtak i 2021.
Eg vil ikkje gå nærare inn på konkrete prioriteringar for kommande NTP, men kan allereie no seie at regjeringa vil leggje vekt på å utvikle eit transportsystem som er effektivt, miljøvenleg og trygt. For å halde framdrifta i prosjektet er det sjølvsagt også viktig at ein får på plass naudsynte planvedtak.