Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:287 (2019-2020)
Innlevert: 12.11.2019
Sendt: 13.11.2019
Besvart: 19.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Støtter statsråden Statens vegvesens reviderte forslag til ny tjenesteleveransemodell og tjenestestruktur på TK-området, og vil han ta initiativ til å få beregnet de samfunnsøkonomiske kostnadene for næringsliv og innbyggere ved sentralisering av disse tjenestene?

Begrunnelse

Statens vegvesen har nå presentert Revidert forslag til ny tjenesteleveransemodell og tjenestestruktur på TK-området.
Forslaget innebærer en reduksjon i antallet tjenestesteder (trafikkstasjoner) sammenliknet med dagens tilbud. Sju av dagens 74 trafikkstasjoner foreslås lagt ned, 40 vil få et redusert tilbud, mens 27 trafikkstasjoner vil ha samme tjenestetilbud som i dag.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen går gjennom store endringar for å tilpasse seg framtida.
Fleire og fleire av tenestene deira er no blitt digitale, slik at folk slepp å møte opp fysisk for å til dømes registrere om køyretøy og mykje anna. Med dette flyttar delar av trafikkstasjonen heilt heim i stua til folk.
I mai i år leverte Statens vegvesen ein rapport der dei foreslo å legge ned enkelte trafikkstasjonar, som følgje av denne utviklinga. For regjeringa er det viktig at vi framleis skal ha eit desentralisert Statens vegvesen, og at tenester skal vere tilgjengelege for folk. Difor ga eg Statens vegvesen eit nytt oppdrag om å sjå nærare på andre løysingar, som til dømes meir bruk av ambulerande tenester, for dei som ville få vesentleg lengre reiseveg til trafikkstasjonen. Som representanten er kjent med har vegvesenet no levert ei tilleggsvurdering.
Vi er no i gong med å vurdere rapporten og vil sjå nøye på forslaga før vi tek ei avgjerd. Eg vil minne om at dette berre er forslag til endringar og eit forslag til korleis tenestene vil kunne sjå ut i 2024.