Skriftlig spørsmål fra Bengt Fasteraune (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:454 (2019-2020)
Innlevert: 02.12.2019
Sendt: 02.12.2019
Besvart: 19.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bengt Fasteraune (Sp)

Spørsmål

Bengt Fasteraune (Sp): Det er økt kapasitet på de nye togsettene, er dette ståplasser eller sitteplasser, og med de planlagte innkjøpene av tog, er statsråden trygg på at det er nok tog tilgjengelig til å ta unna for den økte passasjerveksten i årene framover?

Begrunnelse

I forslag til endringer i samferdselsbudsjettet for 2019 foreslår Samferdselsdepartementet ei kostnadsramme å kjøpe 30 nye lokaltog. Togene er ment å erstatte lokaltoga av typen 69.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa foreslår i Prop. 23 S (2019–2020) ei kostnadsramme på 4,2 milliardar kroner og ei styringsramme på 3,0 milliardar kroner til kjøp av 30 nye lokaltogsett (type 77), dei fleste til erstatning for dei eldste togsetta (type 69). Type 69 trafikkerer i dag strekninga Stabekk-Ski på Østfoldbanen. Norske tog AS skal gjennomføra kjøpet, og vil i samband med dette òg be om opsjonar på kjøp av ytterlegare lokaltog, slik at kontrakten med vinnande togprodusent ved behov kan nyttast til å skaffa lokal- og regiontog i lang tid framover.
Dagens lokaltog har ca. 300 sitte- og 270 ståplassar. Ein avgang i rushtid med doble togsett har dermed ein samla transportkapasitet på ca. 1 140 personar. Dei nye toga har ca. 300 sitte- og 550 ståplassar. Ein rushtidsavgang med doble togsett får dermed ein transportkapasitet på ca. 1 700 personar – ein kapasitetsauke på ca. 50 prosent samanlikna med i dag.
I fylgje prognosane for vekst i folketal og transportbehov, saman med regjeringa sitt nullvekstmål for personbiltransport, vil ein på strekninga Oslo-Ski få ein årleg auke i etterspurnaden etter togtransport på 5,8 prosent. Auken i transportkapasitet når dei nye toga er på plass er difor naudsynt for å handtera forventa vekst i etterspurnaden. Ein 50 prosent auke i transportkapasitet, som nemnd ovanfor, vil dekka forventa vekst i etterspurnaden 7-8 år etter at dei nye toga er tekne i bruk. Dette gir handlingsrom til å vurdera ekstra infrastrukturtiltak (hovudsakleg auka vendekapasitet), i tillegg til utløysing av opsjon for kjøp av fleire tog slik at tilbodet kan aukast med høgre frekvens i rushtid for å ta unna ytterlegare auke i etterspurnaden.
Talet på sitteplassar i dei nye toga vil vera omtrent som i dag. I vurderingane er det lag vekt på at over 60 prosent av kundane har reisetid på 15-16 minutt eller kortare. Dette tilseier at transportkapasitet (sum sitte- og ståplassar) blir prioritert framfor å maksimera talet på sitteplassar.