Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:752 (2019-2020)
Innlevert: 23.01.2020
Sendt: 23.01.2020
Besvart: 31.01.2020 av finansminister Siv Jensen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kor stor del av, eller kor mange, norske selskap og andre næringsdrivande skatteytarar er kontrollert av Skatteetaten per år dei siste ti åra?

Begrunnelse

Skatteetaten sitt kontrollarbeid er avgjerande for å sikre eit rettferdig skattesystem og for å finansiere velferda. Til dømes fann Riksrevisjonen at Skatteetaten sin kontroll av transaksjonar i interessefellesskap over landegrensene (internprising) fører i snitt til korrigeringar som inneber 10 mrd. kr i auka skatteinntekter årleg. Ifølgje Tax Justice Nework – Norge, har det vore ein kraftig nedgang i Skatteetaten sitt kontrollomfang og –frekvens av selskap og næringsdrivande skatteytarar. Tax Justice Network opplyser om ein nedgang frå rundt 15 prosent av næringsdrivande skatteytarar til under 3 prosent dei siste 10 åra. Dette er ikkje stadfesta i statistikk, og er ikkje gjort synleg for Stortinget, som kun vert informert om at kontrollnivået av totalen av alle skatteytarar er på over 80 %. Det gjeld primært kontroll av lønnsmottakar og pensjonistar som i realiteten har liten eller ingen moglegheit til å unndra skatt eller skjule formue. For desse skatteytarane går innapporteringa av lønns, pensjon og formue til skattestyresmaktene automatisk av tredjepartar som arbeidsgjevar, bankar, finansinstitusjonar osv. Nedgangen i kontroll av selskap «forsvinn» difor i denne statistikken.