Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1107 (2019-2020)
Innlevert: 28.02.2020
Sendt: 02.03.2020
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 06.03.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er deler av de 197 mill. rekna som fremkommelighet slik at et statlig bidrag kan regnes med, i så fall kor stort og vil staten om fylkeskommunen støtter forskottering ta sin del samtidig?

Begrunnelse

Bømlo fiskerihavn er eit viktig prosjekt for fiskerinæringa og vestlandet. Torsdag 20. februar hadde eg gleden sammen med politikere fra fylke, lokalt og næringsliv å sjå nærmare på prosjektet og møtte eit imponerande oppmøte fra lokalbefolkningen. Fylkeskommunen har som kjent overtatt ansvaret og fått vel 24 mill. over tabell c til å dekke sitt ansvar for fiskerihamner. Me oppfordra difor dei til å støtte forskotteringsøknaden slik at dette samfunnsøkononiske lønnsomme prosjektet kan byggjast no.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Spørsmålet blei stilt til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup, men er sendt vidare til meg som ansvarleg statsråd.
Fiskerinæringa er ein stor og viktig næring for Norge. Utviklinga innan fiskerinæringa har ikkje betyding berre for næringa sjølve, men og for resten av samfunnet. Særlig gjeld dette for mange lokalsamfunn langs kysten.
Dei nye regionene skal no styrkast og få ein større og viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Gjennom behandlinga av regionreforma har Stortinget vedteke at eigarskapet og forvaltningsansvaret for fiskerihamnene skal overførast frå staten til fylkeskommunane.
Det følgjer av regionreforma at staten går ut av den aktive fiskerihamneforvaltninga, og at det frå og med 1. januar 2020 vil vere opp til fylkeskommunane å prioritere nye investeringstiltak i fiskerihamenanlegg. Det følgjer og av reforma at det vil vere opp til fylkeskommunane å vurdere om dei vil gjere dette i eigen regi eller etablere tilskotsordningar retta mot kommunane.
For å ivareta kontinuitet i fiskerihamneinvesteringane i ein overgangsperiode med gjennomføring av regionreforma er det etablert ei forskoteringsordning for fiskerihamne- og farleistitlak. Det har blitt inngått forskoteringsavtaler med 6 kommunar til ei samla forskoteringsramme på 540 mill. kroner. Desse forskoteringsavtalane blei inngått før fylka overtok ansvaret frå 1/1 2020. Dette betyr at fleire prosjekt no kan gjennomførast raskare enn det Nasjonal transportplan 2018-2029 legg opp til. Men med dette har vi og nytta den ramma som er tilgjengeleg til formålet.
Staten har etter at den nye havne- og farvannsloven trådde i kraft 1. januar 2020 fått eit utvida ansvar for utbetringar i farvatnet, frå tidligare å omfatte hovedled og biled til no å omfatte heile farvatnet. Kva dette kan innebere for fiskerihamnene er det for tidleg å seie noko om. Prioritering mellom aktuelle utbetringar i farvatnet må tas i samband med Nasjonal transportplan 2022-2033, som skal leggast fram for Stortinget våren 2021.
Kva gjeld spørsmålet som stortingsrepresentant Njåstad reiser om Bømlo fiskerihamn, må eventuelle utbetringar i farvatnet vurderast på linje med alle andre aktuelle tiltak i den pågåande prosessen med rullering av Nasjonal transportplan.
Fylkeskommunane har frå og med 1. januar 2020 fått eit utvida ansvar for den regionale samfunnsutviklinga. I dette inngår forvaltningsansvar for fiskerihamnene.
Eg kjenner særs godt til planane for Bømlo fiskerihamn. Det er eit av prosjekta med stor samfunnsnytte og eit prosjekt med vidtrekkande positive effektar som eg vonar let seg realiserast.
Eg har tillit til at fylkespolitikarane, med sin kunnskap om lokale behov, vil gjere dei rette prioriteringane, i tråd med intensjonane i regionreforma og vedtak i Stortinget.