Hadia Tajik (A): Har regjeringa planar om ekstraordinære tiltak for norsk økonomi som følgje av coronaepidemien og i tilfelle kva grep vurderer regjeringa som for å redusere økonomiske tilbakeslag knytta til epidemien?
Begrunnelse
Coronaepidemien får konsekvensar for verdsøkonomien og truleg også norsk økonomi. Den svenske finansministeren har nett lagt fram forslag som skal gje svenske bedrifter fleksibilitet. Vidare skal forslaget gje tillitsvalde og arbeidsgjevar i bransjar som er ramma støtte for å hindre masseoppseiing. Det svenske Finansdepartementet orienterer om saka her: https://www.regeringen.se/pressmeddelanden/2020/03/forslag-om-utvidgat-stod-vid-korttidsarbete-till-lagradet/