Jenny Klinge (Sp): Rituell omskjæring av gutar skal etter lovvedtak frå 2014 ikkje gjerast av andre enn dei som er godkjente til det, og det er knytt straffebod (bøter eller fengsel) til det å bryte denne lova. Behovet var den gongen vurdert til 2000 operasjonar årleg.
Kan helseministeren gjera greie for kor mange slike operasjonar som har skjedd årleg frå og med 2015 og til no i 2020, og meiner helseministeren lova fungerer etter intensjonen om å beskytte ungar mot skadar og potensielle dødsfall?
Begrunnelse
Stortinget vedtok i 2014 å gjera rituell omskjering av gutar til eit tilbod ved offentlege sjukehus. Tilbodet skulle gis frå 1. januar 2015, og var også utforma som eit pålegg. Berre godkjente aktørar skulle utføre operasjonen. Viss nokon initierte eller utførte omskjering utanfor lovleg praksis, skulle dei straffast med bøter eller fengsel. Sidan då er under 100 operasjonar vorte utførte, medan regjeringa før lovvedtaket vurderte at behovet for omskjeringar ville vera 2000 kvart år, men det var snakk om berre 100-200 gjennomførte omskjeringar under regulerte former årleg dei første par åra. Regjeringas uttalte føremål for å gå inn for rituell omskjering i offentleg regi, var å redusere helserisikoen for ungane. Av same grunn gjorde eit lite mindretal på Stortinget, beståande berre av representantar frå Senterpartiet, eit framlegg om heller å setje ei aldersgrense på 18 år for rituell omskjering av gutar. Vi meinte omskjering av mindreårige gutar som ikkje har høve til å beskytte seg sjølv mot eit varig fysisk og skadeleg inngrep, i verste fall med døden til følgje, er i strid med menneskerettane. Mindretalet peikte også på at det alltid vil vera knytt ein risiko til inngrepet, uansett kven som utfører det, sjølv om risikoen sjølvsagt vil vera mindre viss det blir utført ved ein godkjent helseinstitusjon. Usikkerheita mindretalet knytte til lovvedtaket i 2014 var mellom anna kor mange foreldre som kom til å nytte seg av det offentlege tilbodet, og om staten reelt kom til å straffeforfølgje dei som initierte eller utførte inngrepet på ulovleg vis. Dei som stod bak lovvedtaket i 2014, inkludert helseministeren, og som hadde eit mål om at rituell omskjering av gutar frå 1. januar 2015 skulle skje i offentleg regi, bør i anstendigheitas namn vera opptekne av at lova blir etterlevd. Det er også viktig å merke seg at barnekirurgar motsette seg at dei må bruke dyrebar tid til rituell omskjering av små ungar som ikkje kan nekte, medan andre barn som treng nødvendig helsehjelp må vente. Funksjonelle delar av kroppen blir fjerna med den risikoen dette inneber for dårlegare seksuell funksjon seinare i livet, skadar og i verst fall dødsfall. Når lova først er vedteken, bør helseministeren svara for korleis lovverket blir fulgt opp, og korleis han vurderer utviklinga.