Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:495 (2020-2021)
Innlevert: 18.11.2020
Sendt: 19.11.2020
Besvart: 25.11.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva vert provenyeffekten dersom den kommunal formuesskatten vert 0,2 pst i heile landet, og korleis ser finansministeren for seg å dekke opp for tapte skatteinntektar til fellesskapet som vert forårsaka av Bø kommune i Vesterålen?

Begrunnelse

Bø i Vesterålen har redusert kommunen sin formuesskattesats frå 0,7 pst til 0,2 pst. Skatteendringa påverker ikkje lønsemnda ved investeringar, kun lønsemnda ved å bu i kommunen. Ei openbar ulempe er at kommunane som då vert fråflytta taper pengar. På sikt kan denne kostnaden verte større ved at fleire, og i ytterste konsekvens alle, kommunar melder seg på konkurransen om å køyre formuesskatten til botnen. Det vil i så fall ikkje føre til så mykje anna enn mindre skatt til fellesskapet, og dermed mindre velferd.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Stortinget fastset kvart år maksimumssatsar for skatt til kommunane av formuen. Med forslaget for 2021 er formuesskattesatsen 0,85 pst., som er fordelt med 0,7 pst. til kommunane og 0,15 pst. til staten. Kommunane fastset kvart år skattesatsar innanfor dei intervalla som stortingsvedtaket gir. Formuesskatten har vore ei kommunal inntekt sidan 1882. Det er i skrivande stund berre Bø kommune som har vedtatt å nytte seg av å redusera den maksimale skattesatsen, frå 0,7 til 0,2 pst. frå 2021. Bø kommune nyttar med det den moglegheita reglane gir til å redusere skatt på norsk eigarskap lokalt.
Ein lågare skattesats i ein kommune vil også få konsekvensar for inntektsutjamninga og fordelinga av skatteinntekter mellom kommunar. Som varsla i Kommuneproposisjonen for 2021 arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet no med å fastsetje dette rammeverket.
Representanten Tajik spør kva provenyeffekten vert dersom den kommunale formuesskattesatsen vert redusert til 0,2 pst. i heile landa. Departementet anslår det samla provenytapet for kommunane til om lag 8 670 mill. kroner. Eg føreset at kommunar som set ned formuesskattesatsen, har vurdert det slik at dei kan bere det økonomiske tapet. Om det er staten eller kommunane som til slutt ber kostnaden av redusert formuesskatt, vil avhenge av om ein motverkar inntektstapet med ein tilsvarande auke i rammetilskotet eller ikkje.