Jenny Klinge (Sp): I Møre og Romsdal har politiet anten lagt ned kontor eller redusert talet på tilsette i ei rekke kommunar sidan 2015. Mellom anna har Kristiansund, Tingvoll, Smøla, Herøy og Sande, Stranda, Vanylven og Vestnes mista tilsette til grunna «nærpolitireforma».
Har desse stadene fått «tilstedeværelse av et kompetent og effektivt lokalt nærpoliti, der befolkningen bor»?
Begrunnelse
Fleire titalls tilsette i politiet forsvann frå knapt 20 kommunar frå 2015 til april 2021 jf. Brønnøysundregisteret. I 2015 var det minimum 3 tilsette ved alle dei lensmannskontora som ikkje vart nedlagt. I dag har tre gjenverande lensmannskontor 0-2 tilsette, i tillegg har fleire kommunar fått redusert talet på polititilsette betydeleg. Den såkalla nærpolitireforma hadde som mål å få meir operativ politikraft og eit nærare politi ut av alle nedleggingane av lensmannskontor og politistasjonar. Når det ikkje ein gong har vorte fleire politipatruljar på norske vegar som følgje av den ønska effektiviseringa, er det grunn til å sjå nærare på kor mykje polititenestene har vorte styrka i område der politiet anten har flytta heile frå eller har fått færre tilsette.