Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2407 (2020-2021)
Innlevert: 08.06.2021
Sendt: 09.06.2021
Besvart: 16.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Regjeringen bryter klimamålene for 2020. 8. juni kom SSB med flere detaljer om feilen som har ført til at norske utslipp av klimagasser har vært underrapportert i flere år. Utslippene i 2019 viser seg å være 1,4 millioner tonn høyere enn tidligere rapportert.
Kan jeg be statsråden om en redegjørelse på hvor stort gapet nå er mellom klimamålene og prognosene for norske utslipp framover, samt hva regjeringen tenker å gjøre for å dekke det økte gapet mellom de vedtatte klimamålene og de planlagte tiltakene i klimameldingen?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: SSB har korrigert ein feil dei har gjort i tidlegare statistikk, som aukar dei rapporterte utsleppa vi har hatt dei siste åra med nokre prosent. Det har gjort vegen ned mot 2020-målet lenger enn det vi har trudd. Samtidig har feilrapporteringa ingen innverknad på den samla trenden, som er at utsleppa i Noreg går nedover. Utsleppa er no på sitt lågaste nivå sidan 1993.
Norske klimamål for 2030 ligg fast, men det er knytt stor uvisse til utsleppsutviklinga dei neste ti åra. Feilrapporteringa vil ha konsekvensar for kva som skal til for å nå klimamåla våre. Endringar i historiske utsleppstala for marine gassoljer påverkar òg utsleppsframskrivingane, og vil gjera at gapet til utsleppsbudsjettet er større enn det vi har lagt til grunn i klimameldinga. Vegen ned mot 2030-målet har altså blitt lengre enn det vi trudde.
Tidlegare i år la regjeringa fram Meld St. 13 (2020 – 2021) – Klimaplan for 2021 - 2030. Hovudgrepa som er presenterte i Klimaplanen vil vera dei same sjølv med justerte utsleppstal. Klimaplanen inneheld ei rekke sterke verkemiddel som vil redusera utsleppa fram mot 2030, desse verkemidla kan òg bidra til å redusera utslepp som fram til no ikkje har vore rapportert.
Vi har i planen lagt opp til ei solid oppfølging av klimaplanen som tar høgde for at det kan vera nødvendig å justera verkemiddelbruken. Vi vil i klimalovrapporteringane gjere greie for gjennomføringa av klimaplanen og framdrift mot klimamålet. Dei årlege klimalovrapporteringane vil òg gi eit bilde av om det er behov for å justere kursen. Ei innføring av ytterlegare verkemiddel og tiltak vil vi mellom anna ta stilling til i dei vanlege budsjettprosessane.