Skriftlig spørsmål fra Marit Arnstad (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2424 (2020-2021)
Innlevert: 11.06.2021
Sendt: 11.06.2021
Besvart: 18.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Marit Arnstad (Sp)

Spørsmål

Marit Arnstad (Sp): I Klimameldingen (Meld. St. 13) står det at «regjeringa vil innføre låg- og nullutsleppskriterium i nye anbod for hurtigbåtar der det ligg til rette for det, i løpet av 2025». Regjeringen er avhengig av at fylkeskommunene følger opp dette for at målet skal nås.
Har regjeringen gitt fylkeskommunene de nødvendige økonomiske virkemidlene til å gjennomføre dette målet?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Grøn skipsfart er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Ambisjonen er å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030, samanlikna med 2005. For å nå ambisjonen har regjeringa som mål å stimulere til låg- og nullutsleppsløysingar innan alle fartøykategoriar. Dette gjeld naturlegvis også hurtigbåtane. Difor har regjeringa over fleire år satsa målretta på utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar for hurtigbåtar i fylkeskommunane gjennom Hurtigbåtordninga i Miljødirektoratet. Blant prosjekta ordninga støttar er eit stort samarbeidsprosjekt mellom fleire fylkeskommunar, som jobbar med å ta fram tre alternative nullutsleppskonsept for hurtigbåtar innan 2023.
Fylkeskommunane finansierer båt- og ferjedrifta med billettinntekter og frie midlar. Det er derfor dei samla økonomiske rammene som er avgjerande for moglegheitene til å prioritere låg- og nullutsleppsløysingar. Regjeringa har lagt til rette for ein god kommuneøkonomi, og dei oppdaterte anslaga i revidert nasjonalbudsjett tyder på at fylkeskommunane vil få ein god vekst i inntektene også i 2021. Innanfor veksten i dei frie inntektene i 2021, er 100 mill. kroner fordelt særskilt til ferjefylka. Fylkeskommunane ligg dermed an til eit økonomisk handlingsrom i år som gjer det mogleg å prioritere låg- og nullutsleppsløysingar for hurtigbåt og ferje.
Regjeringa har gjennom fleire år styrkt båt- og ferjefylka for å legge til rette for miljøvennlege løysingar innan båt- og ferjesektoren. I 2018 vart rammetilskotet til fylkeskommunane auka med 100 mill. kroner til dette føremålet, og som nemnt over, auka vi i statsbudsjett for 2021 satsinga med ytterlegare 100 mill. kroner. Midlane er løyvde som ein del av dei frie inntektene til fylkeskommunane, og er derfor ein varig auke av inntektsnivået.