Problemer med søkeløsningen

Søkeløsningen på stortinget.no er dessverre ute av funksjon. Vi beklager dette, og jobber med å løse problemet.

Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2697 (2020-2021)
Innlevert: 30.06.2021
Sendt: 01.07.2021
Besvart: 15.07.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Forskningsresultater viser klart at norskfødte ulvevalper bare i svært begrenset grad vandrer ut av ulvesonen og vestover inn i sauerike områder. Noen ytterst få har vandret nordover og tatt noen beitedyr der, men de fleste vandrer østover inn i Sverige. Samtidig er det overveiende svenske ungulver som tar sau vestover i Norge.
Indikerer ikke dette at det er omtrent null forskjell på tap av sau til ulv om det er tre, fem eller åtte ynglinger innenfor ulvesonen, siden det ikke er sau på utmarksbeite der?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Ulv har ein biologi som er slik at unge individ vandrar ut frå revira dei er født i då dei er om lag eit år gamle. Dei søkjer då etter ein make og ledig område der dei sjølve kan etablere revir, og kan i den samanheng vandre over store avstandar. Kunnskapen vi har om korleis vandringane til ulv i Skandinavia skjer viser eit hovudmønster slik representanten Nævra beskriv. Altså at ulvekvalpar født i Noreg i hovudsak vandrar austover, mens dei individa som vandrar vest for ulvesona og gjer skade på beitedyr i hovudsak har vandra inn frå Sverige. Basert på denne kunnskapen har talet på heilnorske ynglingar innanfor ulvesona ikkje stor påverknad på skadeomfang på beitedyr utanfor ulvesona.

Heller ikkje erfaringane vi har mellom ulike år med ulik storleik på ulvebestanden innanfor ulvesona tyder på at det er ein klar samanheng mellom talet på ynglingar i ulvesona og skadeomfanget utanfor ulvesona. Dette gjeld då innanfor rammene av den storleiken vi har erfart dei seinare år, og om biletet eventuelt kunne vore annleis dersom ulvebestanden auka ytterlegare er vanskeleg å vite.

Til slutt vil eg i denne samanhengen understreke at skadepotensial og skadeomfang ikkje står sentralt i vurderingane knytt til felling av ulv innanfor ulvesona. I disse vurderingane er det særleg distriktspolitiske omsyn etter naturmangfaldlova § 18 bokstav c som er vektlagt, slik Stortinget har vedteke.