Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:14 (2021-2022)
Innlevert: 11.10.2021
Sendt: 11.10.2021
Besvart: 19.10.2021 av arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden opplyse om hvor mange mottakere av dagpenger som har gått og vil gå til maksimal stønadsperiode i hhv. september, oktober, november og desember?

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Under koronapandemien er perioden ein kan motta dagpengar ved arbeidsløyse eller under permittering blitt utvida fleire gonger. Ved kgl.res.17. september har Kongen i statsråd gitt samtykke til å forlenge enkelte særreglar om dagpengar og permittering fram til 1. november 2021. Dagpengeperioden for mottakarar som elles ville ha brukt opp maksimal dagpengeperiode i perioden 1.–31. oktober blei forlenga til 1. november. Perioden arbeidsgivar kan fritakast frå lønnsplikt under permittering blei også forlenga til 1. november. Forslaga er lagt fram for Stortinget i Prop. 243 S (2021-2022).

Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår at om lag 13 100 dagpengemottakarar som tek imot dagpengar ved arbeidsløyse kan gå ut dagpengeperioden i november, gitt at dei tek imot dagpengar frem til då. I tillegg blir det anslått at 17 800 permitterte kan gå ut permitteringsperioden i november, gitt at dei er permitterte fram til då. I løpet av desember anslår direktoratet at nær 1 600 dagpengemottakarar som tek imot dagpengar ved arbeidsløyse kan gå ut dagpengeperioden, og at 1 100 kan gå ut permitteringsperioden. Tala tek omsyn til forlengelsane i oktober.

Arbeidsmarknaden er i betring, med eit høgt antal ledige stillingar, noko som gjer det lettare for ledige å finne nytt arbeid. Per september var det registrert om lag 67 600 heilt ledige personar, eller 2,4 pst. av arbeidsstyrken. Samla sett var det om lag 129 600 arbeidssøkarar, dvs. heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkarar på tiltak. Samtidig har mange av dei ledige vore arbeidssøkarar lenge. Nærare 63 pst. av dei heilt ledige ved utgangen av september har vore arbeidssøkarar i over seks månader. Til samanlikning låg denne andelen på 46 pst. på same tid i 2019. For regjeringa er det svært viktig at Arbeids- og velferdsetaten arbeider med å få utsette grupper inn i, eller tilbake i arbeid. Langtidsledige er ei prioritert gruppe i arbeidsmarknadspolitikken, som prioriterast ved inntak til arbeidsmarknadstiltak.

I vår regjeringsplattform har vi lagt til grunn at vidareføring og utfasing av desse ordningane skal skje i dialog med partane i arbeidslivet. Eg hadde difor i går eit møte med partane om desse spørsmåla.