Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:131 (2021-2022)
Innlevert: 23.10.2021
Sendt: 25.10.2021
Besvart: 02.11.2021 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Kan statsråden redegjøre for hvorfor hun ikke følger Sivilombudets uttalelse om den såkalte ‘fedrekvotefellen’, men velger å følge Navs juridiske tolkning?

Begrunnelse

En samlet kontroll- og konstitusjonskomité har uttalt at forvaltningen skal rette seg etter Sivilombudets uttalelser. Likevel velger statsråden å støtte Navs tolkning av sin rett til å sette en frist for å søke om utsettelse for å ta ut fedrekvoten under folketrygdloven før lovendring.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er uheldig at mange fedre har mista tid med barnet sitt. Eg er glad for at lova no er endra slik at vi kan hindre nye tilfelle av tap av tid med barnet og av opptente rettar.
Eg understrekar at eg har stor respekt for Sivilombodet sine fråsegn og for Stortinget sine forventningar om at fråsegn frå ombodet skal følgjast opp av forvaltninga. Eg har derfor ein dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet om korleis denne saka best mogleg kan følgjast opp.
Når Sivilombodet meiner at ein praksis forvaltninga har eller har hatt, ikkje er godt nok heimla i lova, kan eit naturleg steg vere at ansvarleg departement fremjar ein proposisjon som gjer heimelen klårare. I dette tilfelle er ikkje det aktuelt, ettersom dei relevante paragrafane allereie er endra og dei gamle krava fjerna for foreldre som ønskjer å utsetje foreldrepengane. I lys av Sivilombodet si fråsegn og kommentarar til svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i brev av 29. oktober, vurderer eg likevel saka nærare saman med direktoratet.
Eg viser òg til svar på skriftleg spørsmål nr. 92 frå representanten Kathy Lie.