Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:152 (2021-2022)
Innlevert: 26.10.2021
Sendt: 27.10.2021
Besvart: 03.11.2021 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis stiller regjeringa seg til meldinga om at Israel no stemplar seks palestinske menneskerettsorganisasjonar som terrororganisasjonar?

Begrunnelse

Før helga meldte israelske styresmakter at seks sentrale menneskerettsgrupper no er lista som terrororganisasjonar i Israel, noko som i praksis betyr eit forbod mot desse organisasjonane. Nyhenda har skapt sterke reaksjonar frå menneskerettsorganisasjonar verda over. Fleire av organisasjonane det gjeld er også partnarar med norske organisasjonar.
Eg er bekymra for tendensen i verda kor sivilsamfunnet får stadig mindre handlingsrom, og kor legitim opposisjon og sivilt samfunn stemplast som fiendar. Eg ynskjer ei klargjering frå statsråden av korleis Noreg stiller seg til dette.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Sivilsamfunnet i Palestina, som sivilsamfunn andre stader i verda, spiller ei sentral rolle for å fremme respekt for menneskerettar og demokratiske prinsipp. Norske styresmakter meiner det er viktig at palestinske sivilsamfunnsorganisasjonar og menneskerettsforsvararar får utøve sitt virke utan hindring.
Vi er derfor svært bekymra over at Israel nå har terrorlista seks palestinske sivilsamfunnsorganisasjonar. Vi blei ikkje varsla om denne avgjerda på førehand. Vi ser alvorleg på skuldingane. Vi er i kontakt med israelske styresmakter. Det kviler på dei å dokumentere skuldingane. Om det ikkje kjem fram tilstrekkeleg dokumentasjon som underbyggjer skuldingane, vil vi be om at avgjerda blir omgjort. Vi har også tett og fortløpande kontakt med FN og andre gjevarar.
Tiltala er retta mot anerkjende menneskeretts- og sivilsamfunnsorganisasjonar som har motteke og mottar støtte frå ei rekke internasjonale gjevarar, inkludert Noreg. Tre av dei rørte organisasjonane mottar i dag støtte frå Utanriksdepartementet eller frå våre samarbeidspartnarar, Norsk Folkehjelp og Redd Barna. Desse er Al Haq, Union of Agricultural Work Committees (UAWC) og Defense for Children International – Palestine (DCI-P).
Etter at avgjerda vart kjend har representantar for norske styresmakter møtt leiarar for dei fleste råka organisasjonane til saman med FN og andre representantar for det internasjonale samfunnet i Ramallah. I Oslo har Utanriksdepartementet diskutert saka med Norsk Folkehjelp og Redd Barna. Vi fryktar at konsekvensane av avgjerda kan bli betydelige. Handlingsrommet for sivilt samfunn og særleg menneskerettsarbeidet i Palestina vil bli enda meir begrensa enn det allereie er. Det blir vanskelegare å få tak i påliteleg informasjon om menneskerettsbrot – og overgrep som blir gjort i Palestina. Sårbare grupper som barn, kvinner og fattige bønder vil bli råka særleg hardt.
Tidlegare gjennomgangar av dei rørte organisasjonane utført av ulike gjevarar har ikkje avdekt nokre indikasjonar på deltaking i terroraktivitet. Det er viktig at antiterrortiltak er i samsvar med folkeretten, inkludert internasjonal humanitærrett og internasjonale menneskerettar.