Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:165 (2021-2022)
Innlevert: 28.10.2021
Sendt: 28.10.2021
Besvart: 04.11.2021 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil fiskeri- og havministeren ta initiativ til å sikre vidareføring av «sjømatruta» mellom Midt-Noreg og kontinentet, og legge til rette frå staten si side for betre koordinerte og meir integrerte virkemiddel for overføring av godstransport frå veg til sjø?

Begrunnelse

Reiarlaget Smyril Line Cargo etablerte hausten 2020 ei prøveordning med ei «lakserute» mellom hamner i Midt-Noreg og Rotterdam i Nederland, for å gjere det mulig å frakte norsk laks sjøvegen til kontinentet som alternativ til transport med lastebil og fly – med returlast av andre varer til Noreg.
Store norske aktørar som Lerøy og Coop har vore brukarar av ruta. Ruta har for ein stor sjømataktør som Lerøy synt seg å vere konkurransedyktig både på framføringstid, kapasitet, kvalitet og pris. Staten v/ Kystverket innvilga økonomisk støtte til ruta ut frå politiske mål om å flytte gods frå veg til sjø, men støtta er ikkje utløyst grunna avgrensingar i regelverket. Kombinert med at det tar lang tid å få nødvendig innarbeiding av nye logistikk-rutiner frå vareeigarar som sikrar stabilt og høgt volum, gjer dette at ruta no blir lagt på is etter prøveperioden, i staden for å bli etablert som ei fast rute.
Dette er sterkt beklageleg. Overføring av meir godstransport frå veg til sjø er nødvendig både for å kutte klimautslepp og for å sikre vekstkraft på ein berekraftig måte i sjømatnæringa, maritim næring og andre kystnæringar. Varselet om frys i sjømatruta syner at det hastar med å få samla og koordinert statlege verkemiddel for å flytte gods frå veg til sjø. Desse verkemidla er i dag for oppstykka og lite koordinerte, og bør samlast rundt å legge til rette for integrerte transportkjeder som omfattar veg, hamn, farleier og skip med omlasting og distribusjon – og knyter hamner og sjøtransport tettare på andre transportformer.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Tilskotsordninga for nærskipsfart (insentivordninga) gjev økonomisk støtte til etablering av nye sjøtransporttilbod, og ordninga er forvalta av Kystverket. Ordninga er notifisert til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) og godkjent i samsvar med dei maritime retningslinjene for offentleg støtte. Retningslinjene har eit krav om at fartøy som nyttast til å etablere det nye sjøtransporttilbodet skal vere under EØS-flagg.
Smyril Line Cargo DK fekk 30. juni 2021 tilsegn om støtte på 36,4 mill. kroner til etablering av "sjømatruta" mellom Hitra og Rotterdam. Reiarlaget har drifta, som ei prøveordning, ei "lakserute" sidan hausten 2020. I denne perioden har dei nytta eit fartøy som er flagga på Færøyene, som ligg utanfor EØS. I søknaden om tilskot la reiarlaget til grunn at dei ved etablering av "sjømatruta" i oktober 2021 skulle nytte eit fartøy med EØS-flagg. Reiarlaget har no opplyst til Kystverket at bruk av det planlagte EØS-flagga fartøyet gir auka kostnadar, som saman med andre forhold i marknaden, betyr at dei midlertidig vil stanse ruta.
Sjømatnæringa er i vekst, og eg er opptatt av at næringa har eit effektivt og miljøvenleg transporttilbod til marknaden i Europa. Eg set stor pris på at aktørane i transportnæringa og vareeigarar arbeider saman for å få til nye, lønsame transporttilbod som nyttar sjøvegen. Ettersom ESAs retningslinjer inneheld eit tydeleg krav om EØS-flagg, er det høgst usikkert om det er mogleg å få på plass ei ordning som tillet støtte også til skip som er flagga på Færøyene og Grønland. Eg vil likevel undersøke handlingsrommet innanfor støtteregelverket for å sjå om det er rom for å utvide insentivordninga slik at ein også kan nyttiggjere seg fartøy som er flagga på Færøyene og Grønland.
Tiltak for å auke framkome, betre sikkerheita og redusere utslepp står sentralt i transportpolitikken. Transport påfører samfunnet skadekostnadar og ulemper i form av utslepp, kø, støy, ulykker, arealbeslag og slitasje på infrastrukturen, og sjøtransport har i snitt lågare skadekostnadar enn vegtransport. Eg er derfor opptatt av å få til samfunnsøkonomisk lønsam overføring av gods frå veg til sjø som kan bidra til lågare skadekostnadar for samfunnet.
Regjeringa vil styrke satsinga på kysten gjennom å leggje til rette for effektive hamner og sikre farleier. Vi vil med dette støtte opp under fortrinna til sjøtransporten og bidra til næringsutvikling og vekst i bl.a. maritime næringar og fiskeriavhengige kystsamfunn. Som det går fram av Hurdalsplattformen, skal vi òg gjennomføre ei utgreiing saman med godsnæringa og skipsfartsnæringa for å finne fram til fornuftige tiltak for å få frakta ein større andel av godsvolumet på kjøl. Samstundes vil vi redusere flaskehalsar på riks- og fylkesvegar, også der dette vil kunne betre effektiviteten i hamnene og konkurransekrafta til sjøbaserte transportløysingar.