Liv Kari Eskeland (H): Kvinnheradspakken har av regjeringa blitt varsla skal kome innan desember månad, men vi kan enno ikkje sjå at den er fremma for Stortinget.
Kva er grunnen til forseinkinga, og når vil Stortinget motta proposisjonen for handsaming?
Begrunnelse
For å få god framdrift på dei prosjekta som krev stortingshandsaming gjennom proposisjonar, er et viktig at alle ledd i ei slik handsaming fyljer opp og held dei oppgjevne tidsfristar. Samstundes er det viktig med god dialog og opne prosessar dersom det viser seg at ein av ukjende årsaker treng meir tid enn det som innleiingsvis er førespegla. Dette føljer av god forvaltningsskikk. Kvinnheradspakken har i lang tid vore meldt skal kome i desember – ber om ein status som indikerer kva tid ein kan forvente at proposisjonen vert førelagt stortinget.