Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:767 (2021-2022)
Innlevert: 22.12.2021
Sendt: 23.12.2021
Besvart: 06.01.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden lytte på sine egne ordførere som er bekymra for framtida for norsk lokaleigd næringsliv i havbrukssektoren?

Begrunnelse

NRK har ein sak i dag med tittel "Rødgrønt kystopprør mot regjeringen – 70 ordførere i skatteprotest". Dei tar opp samme problemstilling som eg tok i spørretimen der mange på kysten no er bekymra for framtida då regjeringen skattlegger havbruk sterkere. Dette kan føre til sentralisering av eigarskapen av havbruksressursen og favorisere utenlandske selskap og større børsnoterte selskap. Dei familieeigde og mindre aktørene blir hardt ramma av statsbudsjettet. 70 kommunar seier no det samme som FrP. Sidan mange av desse er styrt av AP og SP er det håp om at statsråden lytter meir.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Solberg-regjeringa foreslo å oppheve ein praksis som har etablert seg, der det ikkje vert betalt formuesskatt for fiskeri- og oppdrettsløyve erverva før 1998. Denne regjeringa vidareførte framlegget i Prop. 1 LS Tillegg (2021-2022), og dette er no vedteke av Stortinget. Vi kan ikkje halde fram med ein praksis der tidspunktet for erverv av eit løyve avgjer om det skal vere formuesskatt eller ikkje.
Formuesskatt generelt styrker omfordelinga av inntekter og jamnar ut skilnader i formue. Med denne regjeringa aukar formuesskatten fyrst og fremst for høginntektsgruppene og for dei med store formuar. Samstundes må om lag 32 300 færre betale formuesskatt med det vedtekne skatteopplegget for 2022 samanlikna med referansen, sidan botnfrådraget vert auka.