Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden gjera ei berekning på kva det koster å innføre gratis båtruter til øysamfunn utan fastlandsforbindelse tilsvarande som for ferjer til samfunn utan omkjøringsvegar?
Begrunnelse
Samferdsleministeren svarer i spørsmål nr. 773 fra meg at det ikkje er regjeringen sin prioritert å gjera båtruter til øysamfunn utan fastlandsforbindelse gratis på samme måte som fergesamband til tilsvarande øysamfunn. Dette reagerer mange på og det er truleg større distriktsutfordringar for disse samfunna enn dei som har fergetilbod. Derfor framstår regjeringa sin prioritering merkelig. Det eg no lurer på er om regjeringen kan gjera ein berekning på kva det vil koste å gjera båttilbudet til disse øyane gratis. Det er informasjon som er viktig å ha til framtidige budsjett og også vurderingar om tiltak for distrikta. Eg forstår at det vil ta lenger tid enn ei veke å gjera ein slik utrekning og kan difor vente lenger på svaret.