Sveinung Rotevatn (V): Vil det bli gjennomført ei full konsekvensutgreiing av bruk av sjø- og jordkabel som alternativ i samband med bygging av ny 420 kV-line frå Blåfalli i Kvinnherad til Gismarvik i Tysvær?
Begrunnelse
Statnett jobbar med planar om å bygge ei 90 km lang høgspentlinje frå Sunnhordland til Haugalandet. Utbygginga vil kunne få store konsekvensar for natur- og friluftlivsverdiar i området, og særleg i Etne kommune har mange protestert mot planane. Å bygge liner i luftspenn fører til svært synlege inngrep som også kan gå hardt ut over naturen, medan bruk av sjøkabel kan føre til mindre konflikter og færre naturinngrep. Sidan kostnadar ofte vert brukt som argument i slike saker, er det av stor interesse om dei faktiske alternativkostnadane ved bruk av sjø- og jordkabel på delar av strekninga vil bli grundig utgreia i denne saka.