Frank Edvard Sve (FrP): Korleis kan statsråden gå god for eit prosjekt som Møreaksen og eit kostnadsestimat på ca. 24 milliard kr, når store delar av strekninga Ålesund til Bolsønes overhode ikkje er verken valgt endeleg trasear eller ferdig prosjektert, og korleis kan statsråden stille seg bak og leggje til grunn å ta inn 4 milliard kr i bompengar frå Ålesund til Molde, på vegprosjekt som verken er valgt trasevalg eller ferdig planlagt?
Begrunnelse
I Sunnmørsposten sin avisutgåve den 9/2 viser Statens vegvesen ved Ketil Strand, at det er planlagt å ta inn heile 4 milliard kr i bompengar mellom Ålesund og Molde.
I dei media den siste tida har det kome fram at planlegginga for ny E-39 frå Moa Ålesund til Ørskogfjellet fyrst vart utsatt, for så å bli lagt fram nytt forslag som igjen vart skrinlagt. No er det lagt fram fleire andre alternativ til trasear, utan at noko er klart. Når Statens vegvesen liksom skal bruke fleire titals milliard kr i vegutbygging i Møre og Romsdal dei neste 8 åra, utan at verken trasevalg eller planar er klare verkar det meste som å vere rimeleg “tenk på eit tall“.
I samme sak i SMP utalar STVV ved Strand at Møreaksen er planlagt til minst 24 milliard kr. I grunnlaget for dette ligg at det er kostnadsreduksjonar frå opprinneleg 39,5 milliard kr til liksom 24. Denne reduksjonen er lagt til grunn ved at det er estimert kutt i strekninga E39 Breivika- Digerneset, frå 7,2 milliard kr til 1,6, dette i eit område som STVV altså har utsatt planlegginga på og ikkje har peiling på korleis dette skal bli. Det samme gjeldane E39 Digerneset til Ørskogfjellet der reduksjonen er satt frå 6,9 milliard kr til 4 milliard kr, i eit område som også er tatt ut av planlegginga og at det her er full forvirring ikring og ikkje noko er avklart.
Utover dette er kostnadsreduksjonen i strekninga E39 Ørskogfjellet-Bolsønes frå 25,4 milliard kr til 17 milliard kr, utan at eit komma av vegtraseen frå Julsundet inn til Molde, tunellar forbi Molde med veg til Bolsønes, verken er prosjektert eller på nokon som helst måte klart for kostnadsvurdering.