Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1360 (2021-2022)

Innlevert: 23.02.2022
Sendt: 23.02.2022
Besvart: 03.03.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa ta initiativ til å gjere reglane for å fjernarbeide frå heimekontor enklare og meir forståelege, slik at det blir lettare for folk å nytte dei høva ny teknologi og nye arbeidsformer gir til å ha ein friare og meir fleksibel kvardag?

Begrunnelse

I ei sak i NRK i dag (23/2-22) kjem det fram kor komplisert dagens regelverk for heimekontor er for norske statsborgarar som bur og arbeider i periodar i utlandet.
Regelverket framstår som svært vanskeleg å forstå, og lite tilpassa dagens røyndom verken når det gjeld auka bruk av heimekontor eller den stadig aukande internasjonale mobiliteten.
Å legge best mogleg til rette for at folk kan ha ein friare arbeidskvardag, er viktig av fleire årsaker.
For det fyrste er det å gje folk meir fridom og større moglegheiter til å innrette sitt eige liv slik dei ynskjer, eit gode i seg sjølv.
For det andre er det eit viktig element i framtidas distriktspolitikk at vi legg til rette for at arbeidstakarar i minst mogleg grad blir «tvinga» til fysisk å bu i eller rundt dei største byane for å ha tilgang til spennande og varierte jobbar til dømes i store statlege etatar, men i staden kan bu og leve i distrikts-Noreg dersom dei ynskjer det.
For det tredje er mangel på kompetanse og spesialisert arbeidskraft ei av dei største hindringane Noreg vil møte i åra framover i utviklinga av det nye næringslivet vi skal leve av etter oljen. Noreg er då avhengig av å bli eit meir attraktiv land for arbeidstakarar frå andre land å bu og arbeide i. Det kan vi mellom anna gjere ved å legge betre til rette for «remote work» slik at folk frå heile verda med kompetanse og kunnskap ser på Noreg som eit attraktivt land å bu i for kortare eller lengre periodar – på same måte som vi må legge til rette for at norske statsborgarar som ønskjer det, i periodar kan fjernjobbe i andre land.
Eg håpar statsråden er enig i at dagens regelverk på området framstår som utdatert og unødvendig stivbeint – og vil ta initiativ til ei snarleg opprydding og forenkling som gjer det enklare for folk å fjernjobbe både i Noreg og i verda elles.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Eg har merka meg artikkelen representanten har vist til i bakgrunnen for spørsmålet.
Det er viktig at kvar enkelt medlem i folketrygda kan få avklart si trygdemessige stilling ved arbeid på heimekontor. Har ein behov for å vite kva som gjeld i eigen situasjon, bør informasjon om regelverket være enkelt tilgjengeleg. Eg har difor merka meg at ytelsesdirektøren i Nav er sitert på ambisjonen om at etaten skal bli betre på å gje informasjon og rettleiing.
Hjå mitt departement er det ikkje motteke spørsmål om dette i særleg grad. Difor vil eg snarleg henvende meg til Arbeids- og velferdsdirektoratet, for i fyrste hand, å få klarlagt dei problemstillingane direktoratet eventuelt ser i regelverket. Det er difor for tidleg å seie om det er grunn til å ta eit initiativ for å gjere endringar i reglane.