Alfred Jens Bjørlo (V): 29 sentrale aktørar innanfor energibransjen og forbrukarorganisasjonar er no enige om ein ny modell for nettleige som stimulerer til meir ENØK og lokal produsert kraft (solceller), samtidig som modellen gir insentiv til å kutte straumforbruket i periodane det i dag blir brukt mest straum.
Vil statsråden sørge for at denne nye, omforeinte modellen for nettleige snarast råd får nødvendig politisk godkjenning, slik at han kan rullast ut og bidra til meir ENØK, meir lokal straumproduksjon og jamnare bruk av straum gjennom døgnet?
Begrunnelse
Spørsmålet om ny nettleige-modell har hatt eit høgt konfliktnivå over lang tid. Det er imponerande og svært viktig at alle dei sentrale aktørane i energibransjen og forbrukarorganisasjonane no har sett seg ned saman og laga ein omforeint modell som alle partar sluttar seg til, og som gir dei rette insentiva som heile tida har vore bakgrunnen for å innføre ny nettleigemodell.
Sjølv om modellen ikkje blir vurdert som «fagleg perfekt» av NVE, må dette sjåast opp mot verdien av eit breitt kompromiss som har forankring og støtte frå alle berørte partar – og kan rullast raskt ut. Eg og Venstre forventar at arbeidet som dei 29 organisasjonane no har gjort ikkje blir «tværa ut» eller sett til side og utsett i tid av departementet, men no raskast råd får nødvendig politisk godkjent-stempel og kan effektuerast ut til forbrukarane.