Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1954 (2021-2022) Innlevert: 01.05.2022 Sendt: 02.05.2022 Besvart: 11.05.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Helge André Njåstad (FrP): Kva endringar har blitt gjort for å ha meir lokalt sjølvstyre i strandsonepolitikken?
Den nye kommunalministeren har skapt stor debatt med sitt utspel om meir lokal sjølvstyre i strandsonen. Utover sitatet i avisa er det få spor etter konkrete endringar som skal gjera det betre for kommunane.
Sigbjørn Gjelsvik: Dei statlege planretningslinjene for strandsona, som nyleg er revidert, skal gi rom for ei lokal tilpassing. Likevel kjem det innspel frå kommunar, og frå folk som bur i distrikta og driv næringsverksemd, om ei streng praktisering. Hurdalsplattformen er tydeleg på at regjeringa vil ha ei meir differensiert forvaltning av strandsona, med større høve for næringsutvikling og busetjing i spreidd bygde strok. Det handlingsrommet er det viktig at kommunane nyttar i sine arealplanar, og at statlege etatar legg til grunn for sin praksis når det gjeld statleg motsegn.Eg syner for øvrig til mitt svar til representanten Njåstad på spørsmål nr. 1862.