Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2047 (2021-2022)
Innlevert: 12.05.2022
Sendt: 13.05.2022
Besvart: 24.05.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V): Kan finansministeren gi ei oversikt over samla auke eller reduksjon i klima- og miljøinnsatsen i framlegget til revidert nasjonalbudsjett?
I Prop. 115 S (2021-2022) vert det gitt ei oversikt over dei ulike omprioriteringane regjeringa foreslår i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det blir likevel ikkje gitt eit samla tal på kor mykje klima- og miljøinnsatsen blir styrka eller svekka samanlikna med statsbudsjettet for 2022 som vart vedteke av Stortinget i desember 2021. Ut frå ei gjennomlesing kan det synest som den samla innsatsen blir monaleg svekka, jf. kutt til både klima- og skogprosjektet, restaurering av viktige naturtypar, skogvern m.v. Men det ville vore nyttig med ei samla framstilling. Eg ber om at det blir gitt ei separat oversikt over endringar i klima- og miljøinnsatsen som går over bistandsramma.

Trygve Slagsvold Vedum: