Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2089 (2021-2022)
Innlevert: 18.05.2022
Sendt: 19.05.2022
Besvart: 27.05.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Seks palestinske menneskerettsorganisasjonar blei inkludert av Israel på terrorlista den 19. oktober 2021. Utanriksministeren uttrykte i januar at Noreg vil be Israel gjera om på vedtaket om det ikkje førekjem tilstrekkelig informasjon som underbygger skuldinga innan rimeleg tid. Det er no sju månadar sidan terrorstemplinga fant stad.
Meiner utanriksministeren at sju månadar er «rimeleg tid», og vil utanriksministaren no be Israel oppheva terrorstemplinga av dei seks palestinske menneskerettsorganisasjonane?

Begrunnelse

Den 19. oktober 2021 inkluderte Israel seks palestinske menneskerettsorganisasjonar på terrorlista: Union of Palestinian Women’s Committees (UPWC), Addameer, Bisan Center for Research and Development, Al-Haq, Defense for Children International – Palestine (DCI-Pog Union of Agricultural Work Committees (UAWC).
Tre av desse er støtta av Noreg. Utanriksministeren har gjentekne gonger uttrykt si bekymring for denne innskrenkinga av palestinsk sivilsamfunn og annonsert at Noreg vil be Israel om å gjera om på terrorstemplinga om det ikkje førekjem tilstrekkeleg informasjon som underbygger avgjerda innan rimeleg tid. Sju månadar har gått og Israel har ikkje kome med noko bevis.
Terrorstemplinga har allereie råka organisasjonane hardt. Leiar av Addameer, Sahar Francis, vart nekta utreise frå Israel då ho skulle på føredragsturne i USA og det same gjaldt også leiar av Bisan forskingssenter. Advokaten Salat Hammouri fra Addameer er fengsla utan dom og sit i administrativ forvaring.
Terrorstemplinga vil bli gjort permanent den 19 mai og pengeoverføringar til menneskerettsorganisasjonane vil deretter bli vanskeleg fordi dei vert utestengde frå banksystemet.
Fleire land har kome med klare meldingar. Både Irland og Luxembourg sa i FNs menneskerettsråd 4. mars 2022 at dei støttar FNs høgkommissær for menneskerettar i at Israel må gjere om på terrorstemplinga. Irland og Frankrike har i FNs tryggingsråd sagt at dei vil fortsetje å støtte organisasjonane.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Eg viser til tidlegare svar på spørsmål frå Stortinget om denne saka, inkludert svar 2. mai og 21. februar.
Eg er djupt uroa for konsekvensane av den israelske avgjerda. Handlingsrommet for sivilsamfunnet i Palestina vert stadig meir avgrensa. Det gjer det òg vanskelegare å få truverdig informasjon om brot på menneskerettane og om overgrep. Det råkar sårbare grupper som barn, kvinner og fattige bønder særleg hardt.
Noreg har kontakt med israelske styresmakter, sivilsamfunnsaktørar, FN og andre givarar om saka. Denne dialogen held enno fram. Dette tar tid, men det er nødvendig for at givarsamfunnet er mest mogleg samla langs ei felles linje. Eg meiner det viktigaste framover er å bidra til at det palestinske sivilsamfunnet får halde fram med det viktige arbeidet sitt.
Noreg har gjennom tiår investert store ressursar i å støtte opp om og bidra til å byggje opp eit palestinsk sivilsamfunn. Vi legg framleis stor vekt på dette arbeidet og prioriterer det høgt. Noreg vil jobbe aktivt for å finne gode løysingar, i dialog med dei aktuelle partane.