Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2091 (2021-2022)
Innlevert: 19.05.2022
Sendt: 19.05.2022
Besvart: 23.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ein detaljert oversikt over kva større samferdselsprosjekt som ligg an til å bli starta opp i 2022 og i 2023?

Begrunnelse

Eg stilte eit spørsmål til samferdselsministeren om å få ein detaljert oversikt over kva større vegeprosjekt som kjem til å bli starta opp no i 2022. Samferdselsministeren svarte ikkje på dette spørsmålet så eg må stille dette på nytt. Bakgrunnen for spørsmålet er at det frå regjeringa si side er varsla at fleire større vegprosjekt her i landet må utsetjast, nedeskalerast eller kuttast ut med bakgrunn i behovet for å kutte kostnadar. Dette vil måtte få store konsekvensar for transport, bygg og anleggsbransjen, som frå før er hardt råka av kraftig prisvekst og skyhøge drivstoffprisar, med stor fare for permiteringar og oppsigelsar innan bransjane.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg registrerer at førre spørsmål som representant Sve refererer til omhandla kostnader og prosjekt i 2022, mens dette spørsmålet omhandlar prosjekt i 2022 og 2023. Eg forstår ut frå grunngivinga at spørsmålet handlar om vegprosjekt. For 2022 er utgangspunktet for aktuelle vegprosjekt omtalen i Prop. 1 S 2021-2022. Der heiter det:

«Det settes i 2022 av midler for å sikre at flere prosjekter i porteføljen i Nasjonal transportplan 2022-2033 kan bli klare for anleggsstart. Dette gjelder:

• E6 Megården– Mørsvikbotn i Nordland
• E16 Hylland– Sleen i Vestland
• Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Stanghelle– Arna i Vestland
• E134 Røldal– Seljestad i Vestland
• E134 Saggrenda– Elgsjø i Viken og Vestfold og Telemark
• E134 Oslofjordforbindelsen, fase 2 i Viken»

Utgangspunktet for arbeidet vårt har altså vore at desse prosjekta skulle kunne bli klare for anleggsstart. Men, som det går fram av Prop. 78 S (2021-2022) om økonomiske tiltak som følgje av krigen i Ukraina er norsk økonomi no i ein høgkonjunktur, med utsikter til aukande lønns- og prisvekst og renteoppgang. Auka offentleg pengebruk i ein situasjon med høg aktivitet i økonomien og mangel på tilgjengelege ressursar, vil forsterke presset på prisar og lønningar.
I Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) blei det lagt opp til at regjeringa tek sikte på ei gradvis innfasing av ressursane i planen. Ressursbruken i det einskilde budsjettår vil bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet, innanfor rammene som følgjer av handlingsregelen og tilstanden i norsk økonomi. Det heiter også at endringar i det budsjettmessige handlingsrommet framover vil kunne påverke innfasing og gjennomføring av planen. Vi ser no kvifor dette er ein viktig premiss i NTP og det er derfor eg har sagt at vi må sjå på prioriteringane på nytt, også innanfor samferdselssektoren.
Vidare har regjeringa i Meld. St. 2 (2021-2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 varsla at den fram mot statsbudsjettet til hausten vil gjennomgå planane for samferdselsinvesteringar, jf. avsnittet over. I Prop 115 S (2021-2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022 er det presisert at Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av samferdselsprosjekt i forslag til statsbudsjett for 2023. Målet er å redusere kostnadene til slike prosjekt, få betre kostnadskontroll og unngå ytterlegare press i norsk økonomi.
Store samferdselsprosjekt har budsjettverknad ut over det året dei blir starta opp, og det er derfor prosjekta som vi opphavleg arbeidde for at skulle vere klare for anleggsstart i 2022, også må vere del av gjennomgang av planane for samferdselsinvesteringar. Eg kan ikkje leggje fram den detaljerte oversikta som representanten ber om for 2022 og 2023 fordi regjeringa ikkje er ferdig med å gjere vurderinga si.