Sveinung Rotevatn (V): Kva er det faglege grunnlaget for regjeringa sitt mål for havvindutbygging, kva føresetnadar ligg til grunn for å nå det målet og kva tilseier at målet ikkje kan bli nådd før 2040?
Begrunnelse
Onsdag 11. mai presenterte regjeringa ein «ambisjon» om å tildele område for 30 000 MW kraftproduksjon innan 2040. Målet vart annonsert i ein pressekonferanse og i ei pressemelding.
Det går ikkje fram kva utgreiingar dette målet er tufta på, til dømes kva fagleg underlag NVE, Miljødirektoratet, Havforskingsinstituttet og eventuelt andre har bidratt med. For Stortinget si oppfølging av målet vil det vere av stor verdi om regjeringa kan dele desse faglege vurderingane.