Frank Edvard Sve (FrP): Kva er dei samla berekna årlege utsleppa av CO2 ved ei eventuell realisering av Møreaksen, gjeldande all type trafikk samt drifta av tunellane?
Begrunnelse
Samferdselsministeren viste til i ein debatt ant det var så viktig med trafikksikring og leggje til rette for gåande og syklande, samt å bygge prosjekt slik at ein nådde klimamåla.
I Møre og Romsdal er det under planlegging ferjefri E-39 Møreaksen som kryssing av Romsdalsfjorden. I dette prosjektet er det lagt opp til 16 km med tunellar der ein i hovudsak legg opp til eit løpstunellar. I tillegg er det lagt opp til veg igjennom Molde by med vesentlig antall rundkøyringar.
Det er ei kjent sak at djupe undersjøiske tunellar er utfordrande med tanke på miljøutslepp og vogntog skal frakte 40-50 tonn ned og opp i desse tunellane der ein forbrenn store energimengder på dette. Den djupe tunellen på Møreaksen er også driftsmessig utfordrande ang utslepp og drenering av vatn, som påfører utslepp i store kvanta. Norges lastebileigarforbund (NLF) har berekna at ved 240 vogntog så vil ein årleg sleppe ut heile 2 300 tonn CO2. trafikken i tillegg er sjølvsagt også ikkje utsleppfri og vil medføre omfattande CO2-utslepp. Dagens kryssing over Romsdalsfjorden er utsleppsfri ved nullutslippsferjer.
På Møreaksen vil ein heller ikkje kunne leggje til rette for gåande og syklande, som også er stikk i strid med det statsråden har argumentert som viktig og vesentleg for alle nye vegprosjekt framover.