Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2753 (2021-2022)
Innlevert: 29.08.2022
Sendt: 30.08.2022
Besvart: 05.09.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Driva Aquaculture har sidan 2016 arbeidd med planer om landbasert oppdrett av fjellørret frå eit rømningssikkert anlegg med ny teknologi. Anlegget har ca. 700 mill. NOK i investeringsramme og vil gi 25-35 arbeidsplassar i Oppdal kommune. Trøndelag fylkeskommune tilrådde etablering i 2020, men klagebehandlinga av saka har no pågått i to år.
Når kan Driva Aquaculture vente ei avklaring av saka, og er departementet kjend med Veterinærinstituttet si nye risikovurdering av anlegget vedkomande smittekontroll frå juli 2022?

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Regjeringa har høge mål for norsk havbruk. Vi skal utvikle verdas mest produktive og miljøvennlege havbruksnæring. For å få til vekst på naturens vilkår er vi avhengige av at næringa tar i bruk ny teknologi og nye metodar for fiskeoppdrett. Landbaserte oppdrettsanlegg med resirkulering av vatn (såkalla RAS-anlegg), som Driva Aquaculture har søkt om å få etablere, er eit nyttig verkemiddel i denne retninga.
Regjeringa er i utgangspunktet positiv til den type tiltak som Driva Aquaculture har presentert i denne saka, men det er samstundes avgjerande at det blir gjort grundige risikoavvegingar før prosjekt av denne typen setjast i gang. Saka blir ytterlegare komplisert av at Driva Aquaculture har søkt om å få bygge eit anlegg som ligg inntil eit nasjonalt laksevassdrag. Gjeldande regelverk for etablering av oppdrettsanlegg ved nasjonale laksevassdrag forbyr etablering av anlegget som Driva Aquaculture her har søkt om. Det kan derfor være naudsynt med tilpassingar av regelverket for å kunne godta etablering av denne typen anlegg, både i dag og i framtida. Eventuelle regelverkstilpassingar må være i samsvar med Stortinget sitt vedtak om nasjonale laksevassdrag og laksefjordar.
Saka reiser med andre ord både faglege og politiske spørsmål. Departementet må derfor bruke tid for å vurdere desse spørsmåla på ein forsvarleg måte, i samråd med andre aktuelle departement og etatar. Eg synest det er positivt at Venstre nå engasjerer seg i dette, men må samstundes konstatere at det ikkje finst nokon teikn på at partiet tok tak i dette då dei sjølv satt i regjering og kunne ha sett i verk slike vurderingar og avklaringar.
Handsaming av klagesaker er ein prioritert oppgåve i departementet, men eg kan ikkje gje noko nærare estimat for når avgjerda i denne saka føreligg.
Veterinærinstituttet sin rapport med vurdering av smitterisiko ved anlegget (datert 24. juni 2022) har blitt ettersendt av klager og er lagt inn i våre klagesakspapir. I tråd med forvaltningslova sin generelle utgreiingsplikt vil denne bli tatt omsyn til ved behandlinga av klagen.