Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2838 (2021-2022)
Innlevert: 07.09.2022
Sendt: 07.09.2022
Besvart: 15.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva har samferdselsministeren tenkt å gjere for å unngå permiteringar og oppsigelsar innan transport, bygg og anleggsbransjen dersom regjeringa med støtte frå SV har tenkt å nedeskalere, utsette og kutte betydeleg i vegutbygginga her i landet i tida framover?

Begrunnelse

Statsråden har den siste tida signalisert kutt og nedeskalering av vegbygging i Norge i tida framover. SV som regjeringa sine "budsjettkameratar" har ved fleire høve hevda at samferdselsbygginga skal kraftig kuttast.
Fleire større byggjeprosjekt som no står klar til oppstart er satt på vent og utsatt på ubestemt tid. Statsråden har uttalt at NTP ikkje er realistisk og ynskjer å rullere planen eit år før normal rullering, tydelegvis for å kutte planen betydeleg.
Transport, bygg og anleggsbransjen står i "kneståande" pga. dei svært høge drivstoffprisane og høge byggjekostnadar generelt. I mange områder går det no mot slutten på store vegutbyggingar, slik som til dømes i Møre og Romsdal. Det er derfor eit stort behov for utlysing av nye større vegprosjekt for å kunne holde hjula i gang innan desse bransjane i ei ellers vanskeleg tid.
Dersom statsråden og regjeringa kuttar ut og utsetter større vegprosjekt, vil dette gå frå vondt til værre for transport, bygg og anleggsbransjen i heile landet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Norsk økonomi er i ein kraftig høgkonjunktur med høgare renter, høg sysselsetting og lønns- og prispress, og regjeringa meiner det er nødvendig å dempe innsatsen på og prioritere strengare innanfor samferdselssektoren. Målet er å unngå ytterlegare press i norsk økonomi. Eg er derfor ikkje samd i premissa som representanten legg til grunn for spørsmålet.
Det er òg viktig å understreka at regjeringa no dempar innsatsen frå eit allereie høgt nivå på samferdselsinvesteringane. Regjeringa sine samla prioriteringar vil bli lagt fram 6. oktober i statsbudsjettet for 2023, men eg kan allereie no slå fast at det òg i 2023 vil vere stor aktivitet innanfor sektoren.