Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:286 (2022-2023)
Innlevert: 02.11.2022
Sendt: 02.11.2022
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 11.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Korleis vil klima- og miljøministeren sørge for at oppryddinga av massedeponia ved Taraldrudkrysset i Nordre Follo kommune vert gjennomført slik at ein får stansa forureininga frå mellom anna den statlig eigde grunnen, og frå masser der mykje har kome frå tomter i regjeringskvartalet, og store statlege byggeprosjekt i Oslo sentrum?

Begrunnelse

Saka om skiferdeponiet i Nordre Follo kommune har pågått heilt sidan sidan tidleg på 2000-talet. Massene skriv seg frå tomter og byggeprosjekt som vart opparbeidde mellom 1980 og 1990. Skiferdeponia inneheld meir enn 50 000 kubikkmeter svartskifer og alunskifer som er syredannande. På grunn av forvitring og nedbør vert tungmetall og radioaktivt uran frigjort frå massene og siv ut i miljøet rundt deponia som ligg på eigedomane til Statens Vegvesen (gnr./bnr. 157/2) og Åsland Næringspark Eiendom (gnr./bnr.105/4). Prosessen med å få gjort noko med forureiningsproblemet har pågått i svært lang tid til tross for at både Miljødirektoratet (MD) og Direktoratet for Statens Strålevern (DSS) begge har presisert at saka har høg prioritet. Tilliten til at Staten som forureinar rydder opp etter seg er svekka på grunn av at det har teke så lang tid, og at det er stor forureiningsfare. Tungmetall og radioaktivt uran som siv ut frå massene siv ut i grunnen og kan til slutt finne vegen til kommunen si drikkevasskjelde Gjersjøen, via Snipetjernbekken. Snipkternbekken framstår i dag som fullstendig gjengrodd, og dersom det ikkje vert gjort tiltak vil området kunne utvikle seg til eit giftig sumpområde. Det uroar SV at Statens Vegvesen i brev av 15.06.2022 seier at dei ikkje har økonomisk handlingsrom for å gjennomføre pålagde tiltak. I eit brev til Miljødirektoratet datert 15 juni 2022 stiller SVV spørsmål om selskapet er rett etat for finansiering av miljøtiltak på statlig grunn, og vil ha dialog med Samferdselsepartementet og Klima og Miljødepartementet om finansiering.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Den forureina grunnen som spørsmålet viser til, er areal med tilførte, naturlege sprengsteinmassar. Skadepotensialet er frå sulfidhaldige massar, som kan danne syre og leke ut miljøskadelege stoff.
Statens vegvesen og ein privat aktør har tatt over arealet etter at massar blei flytta dit. Desse massane var ikkje del av omgrepet for forureina grunn etter regelverket då dei i si tid blei deponerte på området, eller når Statens vegvesen skaffa seg grunn for å utvida E6. Det kom inn i regelverket på eit seinare tidspunkt (2009). Statens vegvesen gjorde i 2018 miljøstyresmaktene merksame på at det også kunne vere denne type massar på staten sin del av arealet.
Statens vegvesen har fått likelydande pålegg frå Miljødirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik om å utarbeide tiltaksplan for opprydding av forureina grunn på Taraldrud i Nordre Follo kommune. Statens vegvesen er på vegne av staten grunneigar for delar av det forureina området, og volum forureina massar på statleg eigedom er overslagsvis på 18 000 m3. Statens vegvesen sende inn forslaget sitt til tiltaksplan 15.06.2022, og den er no under behandling hos Miljødirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Statens vegvesen ventar på tilbakemelding på tiltaksplan. Tiltaksplanen inneber at Statens vegvesen fjernar forureina massar frå statleg eigedom.
Når finansiering er avklart og endelege vilkår i tiltaksplanen er fastsatt, vil ein kunne starte prosessen med å fjerne dei forureina massane. Sjølve gjennomføringa av tiltaket vil kunne ta til eitt år etter at tiltaksplanen er godkjend, dersom finansiering er på plass. Det vil ta om lag eitt år å fjerne dei forureina massane.
Statens vegvesen har i brev til Miljødirektoratet tatt opp om det er vegsektoren sitt ansvar å dekke kostnadar til å rydde opp i slik grunn all den tid at orsak til forureininga ikkje er knytt til vegtiltak.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.