Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor Statens vegvesen i årtier etter årtier ikkje har planlagt, prosjektert ferdig heile E-136 Ålesund til Bjorli, og korleis det då er mogeleg at Statens vegvesen så langt i år har nytta heile 78 million kr til planlegging av Møreaksen som verken er prioritert eller har noko som helst realisme for realisering?
Begrunnelse
Stat i staten blir Statens vegvesen enkelte ganger omtalt som, dette med bakgrunn i at bruken av ressursane ikkje står i stil med vedtekne prioriteringar.
i Møre og Romsdal har E-136 Romsdalen vore prioritert på topp i NTP dei siste 20 åra. Gong etter gong har fylkestinget samla med absolutt alle politiske parti stilt seg bak E-136 Romsdalen, og bedyra viktigheita av eksportvegen for Møre og Romsdal.
Status før Nye Veier as tok over ansvaret for E-136, var at det omtrent ikkje var planlagt den som burde vore planlagt og prosjektert for kanskje 10 år eller meir sidan.
Kun krabbefelt opp Brustugelia var planlagt. Planlagt mot lokale næringslivet og brukarane si vilje som fortsatt eit ubrukeleg krabbefelt i dagen.
Utan om dette er kun ei mindre rassikring gjennomført, og dei store utbetringane ved Skiri bru, Flatmark-Monge-Martsein, Veblungsnes, Innfjorden, Måndalen, Hjelviktunellen og strekninga Vestnes til Ålesund er ikkje gjennomført.
Ja, sjølvsagt veit vi at Vågetunellen og Tresfjordbrua er bygd for lenge sidan, men sjølve prosjekta i Romsdalen og E-136 i sin heileheit har glimra med sitt fråvær.
Så kan ein sikkert skulde på både den eine og den andre regjering, men fakta er at inga regjering løyver midlar til prosjekt som ikkje er ferdig planlagde og prosjektert, klare til anbodsutlysing.