Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:930 (2022-2023)
Innlevert: 09.01.2023
Sendt: 09.01.2023
Besvart: 16.01.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren bekrefte med bakgrunn i at Møreaksen ikkje ligg inne med planleggingsmidlar for budsjettet 2023, og at all planlegging av Møreaksen som folket i Møre og Romsdal ikkje vil ha, no faktisk er stoppa?

Begrunnelse

I spørsmål til samferdselsministeren i 2022 bekrefta ministeren at Møreasken ikkje ligg inne med planleggingsmidlar for budsjettåret 2023.
Dette sjølvsagt begrunna med at Møreaksen ligg langt utanfor noko prioriteringslister.
Regjeringa har utsatt dei store vegprosjekta her i landet som stod klare for bygging, noko som sjølvsagt betyr at dei neste 10-20 prosjekta rundt omkring i landet vert utsatt ytterlegare.
Møreaksen er eit prosjekt som aldri har vore prioritert på topp i Møre og Romsdal, men har "sneket i køa" ved at Statens vegvesen region midt har brukt planleggingsmidlane på dette prosjektet, i staden for dei prosjekta som faktisk har blitt prioritert som nr. 1,2 og 3 osv. i fylket.
Døme på dette er E-136 Ålesund-Romsdalen- Bjorli , E-39 Veibust- Blindheim - Moa og RV15 Strynefjellet. Dette er prosjekt Møreaksen urettvis har henta planleggingsresursar frå, til eit prosjekt som folket i heile Møre og Romsdal ikkje vil ha.
Statsbudsjetta og midlane for planlegging, må gå til dei prosjekta som faktisk er prioritert og skal byggjast, ikkje til det Statens vegvesen region midt ynskjer å holde på med kun for å sysselsette sin stab.
Planlegging av Møreaksen er å "bære høy til ein døyande hest" som ordtaket seier, Møreaksen vil aldri kunne realiserast og med dagens prisgallopp og regjeringa sin stopp av vegutbygging, vil Møreaksen raskt passere både 40-50 milliard kr, og sjølvsagt er totalt urealiserbart.
Når ein ikkje klarer å bygge dei vegsambanda som verkeleg har stor trafikk, mange alvorlige ulykker og store utfordringar for trafikantane, kan ein ikkje fortsette å sløse med skattebetalarane sine pengar på fortsatt planlegging av Møreaksen.
Det er nyleg kome rapport for 2022 ang dødsulykker på Norske vegar, 118 omkomne er svært alvorleg.
Det er brei politisk semje om at trafikktrygging, sikre og trygge vegar er pri 1, og at ulykkestalla må ned her i landet.
Då må faktisk pengane til samferdsel nyttast til å bygge nye sikre vegar på ulykkesutsatte smale og dårlige veier, meir rassikring, trafikktrygging, og eit betydeleg styrka vegvedlikehold både på fylkes og riksvegnettet.
Derfor kan ein ikkje fortsette å sløse vekk pengar på prosjekt slik som Møreaksen, med sine 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden der ingen ulykker skjer.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033, med mål, økonomiske rammer og portefølje av utbyggingsprosjekt, har vore utgangspunkt for Statens vegvesen sin planleggingsaktivitet. E39 Ålesund-Molde er prioritert i NTP 2022-2033.
I svar på skriftleg spørsmål nr. 168 (2022-2023) frå representanten Sve opplyste eg om at det innanfor ramma til investeringar er Statens vegvesen som vurderer behovet for midlar til pågåande planarbeid gjennom året. I Prop. 1 S (2022-2023) er det oppgitt midlar til planlegging dersom anslag for desse utgifta er over 25 mill. kr.
I Prop. 1 S (2022-2023) er det ikkje nemnt planleggingsmidlar til E39 Ålesund-Molde, slik det heller ikkje er for hovuddelen av planleggingsprosjekta som det vil bli arbeidd med. Det er fordi dei er under grensa på 25 mill. kr for omtale i budsjettframlegget.
Statens vegvesen opplyser at ein innafor ramma til investeringar i 2023 vil finansiere følgjande arbeid med planlegging etter plan- og bygningslova knytt til E39 Ålesund-Molde:

• Vidareføre arbeid med kommunedelplan for E39/E136 Ålesund (Breivika)-Ørskogfjellet i Ålesund kommune. Dette er ei fellesstrekning for E39 og E136.
• Støtte Vestnes kommune i slutthandsaming av reguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik.

Planleggingsarbeidet er knytt til prosessar som er starta. Omfanget av planlegginga blir redusert i høve til dei siste åra.
Samferdselsdepartementet har bestilt ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av E39 Vik-Molde, slik statens prosjektmodell for store investeringsprosjekt legg opp til. Den er no under avslutning. Kostnadane for kvalitetssikringa er ikkje ein del av planleggingskostnadane for eit prosjekt. Statens vegvesen dekker kostnadane til KS2 innafor ramma til investeringar. Kostnadane omfattar honorar til konsulentane som gjer kvalitetssikringa og arbeid Statens vegvesen har for å optimalisere og redusere usikkerheita i prosjektet som grunnlag for KS2.