Frank Edvard Sve (FrP): Eg prøver igjen, og no må samferdselsministeren faktisk kunne gje eit korrekt svar; kva er forbrukt av planleggingsmidlar i Statens vegvesen til Møreaksen (E-39 Ålesund -Molde) i 2022?
Begrunnelse
I to ulike spørsmål har eg til samferdselsministeren stilt skriftlege spørsmål om kva planleggingsmidlar som er forbrukt på E39- Ålesund-Molde (Møreaksen) i 2022, og kva planleggingsmidlar som er forbrukt på alle riksvegprosjekt i heile landet i regi av Statens vegvesen i 2022.
I desse to svara frå statsråden, er der ulikt svar med heilt ulik sum for kva som er forbrukt på Møreaksen (E-39 Ålesund-Molde) til planlegging i 2022.
I skriftlig spørsmål nr. 828 den 9/1-2022 svarar statsråden dette:
I 2022 er det brukt om lag 100 millionar 2022-kroner til planlegging, optimalisering og grunnerverv for E39 Ålesund-Molde. Midlane er brukt på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveiinvesteringer, underpost 01 Porteføljen.
I skriftleg spørsmål nr. 1008 den 24/1-2022 svarar statsråden følgjande:
Svar:
Oversikten under viser faktisk forbruk av midlar på prosjekt i Statens vegvesens NTP portefølje (prosjekt over 1 mrd. kr i planfase som er omtala i Nasjonal transportplan 2022-2033), samt andre prosjekt som er omtala konkret i Prop. 1 S (2021-2022).
Prosjekter Forbruk i mill. kr
Rv. 22 Kryssing av Glomma, RP 43
E39 Ålgård - Hove, RP 2
Rv. 19 Moss, KDP 13
E134 Dagslett E18, KDP 6
E18 Ramstadsletta-Nesbru, RP 74
E39 Volda-Furene 5
E39 Storehaugen - Førde 12
E39 Ådland - Svegatjørn 232
E39 Sulafjorden 74
E39 Halsafjorden 28
E39 Ålesund-Molde 27
I svar på spørsmål nr. 828 svarar statsråden at det er forbrukt 100 mill. kr til planlegging av Møreaksen (E-39 Ålesund -Molde) medan den same statsråden svarar i spørsmål nr. 1008 at det er forbrukt 27 mill. kr til Møreaksen (E-39 Ålesund-Molde)
Det går faktisk ikkje ann å "bomme" med heile 73 million kr mellom dei to ulike svara, og eg forventar at samferdselsministeren svarar korrekt på mine spørsmål, noko anna blir å feilinformere Stortinget.