Skriftlig spørsmål fra Guri Melby (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1331 (2022-2023)
Innlevert: 10.02.2023
Sendt: 13.02.2023
Besvart: 27.02.2023 av kunnskapsminister Tonje Brenna

Guri Melby (V)

Spørsmål

Guri Melby (V): Nordfjordakademiet har sendt ein søknad til Kunnskapsdepartementet om støtte til prosjektet.
Kan statsråden gjere rede for korleis ho vil handsame denne søknaden?

Begrunnelse

I Distrikts-Noreg har ein ei stor utfordring med minkande folketal, mange som flyttar ut kjem ikkje tilbake, ein stor del av arbeidskrafta vert eldre og skal av med pensjon og det er ei stor utfordring med rekruttering som fører til mangel på relevant kompetanse. Skal ein utvikle Distrikts-Noreg til eit konkurransedyktig og levedyktig samfunn i framtida, må ein tenke nytt og langsiktig.
Ein av våre samfunnsflokar er at born og ungdom i Noreg ikkje får anledning til å orientere seg godt nok om dei mogelegheitene som finst på heimplassen eller i regionen sin før dei drar ut for å studere eller jobbe. Dette fører med seg fråfall i skule og utdanning, fråflytting og at ungdom vel utdanningar som ikkje nødvendigvis er utdanningar dei har valt fordi dei brenn for det eller at dei matchar deira eigenskapar. Samt er det mange unge som gjerne vil flytte heim til distrikta som har valt utdanningar det lokale næringslivet ikkje etterspør. Det handlar det om å ta vare på ungdommane når dei er i lære, i yrkesliv og når dei kanskje ikkje bur i regionen – slik at dei alltid skal vite at dei er velkomne og at ei moglegheit finns for dei i distrikta.
Jakta på superkreftene er ein banebrytande pilot som skal ta i bruk nye metodar for at borna og ungdommane skal få bli kjent med alle yrker og ikkje minst få eit forhold til bedriftene og kommunane i regionen. Satsinga vil kunne løyse desse utfordringane gjennom langsiktig satsing på valkompetanse, tidleg innsats, gode system og rutinar for korleis drive lærlingarbeid og eit kontaktpunkt som gjer det trygt og godt å ta kontakt også seinare i livet.
Fullføringsreforma hevar fram kor viktig det er at ungdom gjennomfører VGS. Denne piloten vil føre til meir motiverte barne og ungdomsskuleelevar som ser moglegheitene. Dei vil ha motivasjon til det som kjem og lettare ta eit sikkert val for kva dei skal vidare.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Nordfjordakademiet henvendte seg til departementet senest i fjor høst. For at vi skulle få lære mer om prosjektet ble de invitert til et møte 1. november 2022 med statssekretær Sindre Lysø.
Prosjektet «Jakta på superkreftene» er et eksempel på hvordan lokale aktører kan jobbe sammen for å utvikle gode system for at barn og ungdom skal bli tidligere introdusert og knyttet til næringslivet. På et overordnet nivå kan slikt arbeid føre til aktive og velfungerende lokalsamfunn og et bærekraftig næringsliv. Det er også viktig for elever i regionen som får oppleve økt relevans av det de lærer i skolen. Regjeringen er i gang med arbeider som er relevante sett hen mot dette prosjektet. En av målsettingene til regjeringen er å gjøre skolen mer praktisk og variert, slik at elevene kan lære mer og trives bedre. Vi er derfor godt i gang med å lage en stortingsmelding om 5.-10.trinn, hvor vi jobber bredt ut med å samle innspill. Nordfjordakademiets arbeid viser at det er mulig å få til spennende prosjekter og tenke nytt lokalt. I forbindelse med møtet ble derfor Nordfjordakademiet oppfordret til å sende skriftlig innspill til det pågående arbeidet med både stortingsmelding om 5.-10. trinn i Kunnskapsdepartementet og stortingsmelding om distriktspolitikken i Kommunal- og distriktsdepartementet. Prosjektsøknader behandles i den ordinære budsjettbehandlingen.