Skriftlig spørsmål fra Sivert Bjørnstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1505 (2022-2023)
Innlevert: 24.02.2023
Sendt: 27.02.2023
Besvart: 07.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Sivert Bjørnstad (FrP)

Spørsmål

Sivert Bjørnstad (FrP): Er det slik å forstå at med de nye retningslinjene for lokalisering av statlige arbeidsplasser og statlig tjenesteproduksjon, så vil i utgangspunktet ikke Bergen, Trondheim og Stavanger få nye, statlige arbeidsplasser, og ville for eksempel Sivas, Investinors eller Enovas hovedkontor og medfølgende arbeidsplasser kunne blitt lagt til Trondheim i dag, gitt de nye retningslinjene?

Begrunnelse

I "Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon" fastsatt ved klg.res. 12.08.2022 så står det i et kulepunkt under kap. 2 Formål at: Den statlege lokaliseringspolitikken skal, ved oppfølginga av desse retningslinjene, medverke til at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er eit sentralt verktøy for å ivareta statlege lokaliseringspolitiske mål. Om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar er omfatta av retningslinjene.
Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidd geografisk og kome heile landet til gode. Statlege arbeidsplassar er ettertrakta i alle arbeidsmarknader fordi dei bidreg til mangfald og tilgang på kompetansearbeidsplassar. Dette gir attraktive arbeidsmarknader, og påverkar tilflytting og busetting rundt om i landet. Eit føremål med ein aktiv statleg lokaliseringspolitikk er å gje ei betre fordeling av statlege arbeidsplassar som medverkar til å styrke lokale fagmiljø i ulike delar av landet. Verdien av statlege arbeidsplassar må sjåast i samanheng med størrelsen på og breidden i arbeidsmarknaden. Næringsliv og kommunal sektor i alle delar av landet etterspør kompetent arbeidskraft. Høve til å tiltrekkje seg naudsynt arbeidskraft blir også påverka av moglegheitene for attraktivt arbeid for medflyttarar. Samansettinga av den einskilde arbeidsmarknaden blir då viktig.
Staten er i stor grad lokalisert i sentrale område, og sidan 2013 har sentraliseringa auka. Dei minst sentrale kommunane har fått vesentleg færre statlege sysselsette, medan veksten har vore sterkast i dei meir sentrale kommunane. Det er fleire årsaker til dette. Reformer og strukturelle endringar i statleg sektor har gitt organisering i færre og større einingar. Reduksjon i tenestestader i etatar som til dømes Politi- og lensmannsetaten, NAV og Skatteetaten har særleg redusert talet på statleg sysselsette i dei minst sentrale områda.
Eg er oppteken av at regjeringa fører ein aktiv statleg lokaliseringspolitikk. Slik legg vi grunnlag for ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar enn det som er utviklinga i dag. Dette var eit mål for regjeringa då retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon blei revidert i august i fjor. Ein føresetnad her er å sjå til at arbeidsmarknader også utanfor dei største byane blir vurdert når nye verksemder eller verksemder i endring skal lokaliserast.
Kva som blir definert som dei største byane, vil bli avklart i kvar enkelt lokaliseringssak. Retningslinjene utelukkar ikkje at statlege arbeidsplassar kan bli lokalisert i byar som Bergen og Trondheim. Dette vil avhenge av kva type statleg verksemd og arbeidsplassar det er snakk om. I kvar enkelt sak blir sektoromsyn og lokaliseringspolitiske omsyn vurdert og sett i samanheng. Føremålet med retningslinjene er å sikre at den endelege løysinga i kvar enkelt sak støttar best mogleg opp om både sektormål og lokaliseringspolitiske mål.