Birgit Oline Kjerstad (SV): Konsekvensane for strypt vasstilførsel til elva Gryta er ikkje utgreidd i samband med gruvedrift i Engebøfjellet.
Vil regjeringa vurdere å stanse anleggsarbeidet for å unngå ei ny sak der det det vert gjort store inngrep før pågåande rettsprosess om rettar og saksporsess om utsleppsløyve er fullførte, og dermed risikere at konsesjonsvedtaket blir kjent utgyldig i fordi løyve er gitt på sviktande grunnlag?
Begrunnelse
Norge har tilslutta seg internasjonale konvensjoner om menneskerettar, og gjennom EØS avtalen er vi forplikta av ei rekke EU- direktiv. Vanndirektivet forpliktar Noreg til å ta vare på og betre den økologiske tilstanden i vassmiljøet.
For tida er Noreg under etterforskning av ESA for brot på EUs vanndirektiv i samband med gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden. Før rettsprosessen om eigarskap til ressursane og alle forvaltningsvedtak om som er ferdige, har imidlertid Regjeringa late Nordic Mining starte opp naturøydeleggande verksemd med å førebu eit dagbrot og eit 460 dekar stort landdeponi for masse som ikkje skal nyttast i mineralutvinninga. Deponiet er planlagt i eit område som i dag er tilsigsområde til elva Gryta. Gryta er ei elv som har viktige vassmiljø for raudlsita artar av fisk og den gir vassforsyning til fleire hushaldningar og gardar. Utløpet leder til eit viktig oppvekstområde for fisk og HI sin høyringsuttale til avfallshandteringsplanen som ligg til handsaming er det peika på at det er kome ny kunnskap etter at utsleppsløyvet for prosjektet vart gitt. Ei stor sedimentasjonsdemning er planlagt å fange opp alt vatnet som ellers skulle renne ned i Gryta. Avfallshandteringsplanen frå Nordic Rutile handler om korleis denne skal hindre at elva Gryta vert forureina, men planen seier ikkje noko om korleis livet og fisken i elva samt vasskvaliteten i Gryta vert påverka av lavere vassføring, og kor stor denne reduksjonen vil verte. Dersom vasskvaliteten vert redusert med meir enn eitt trinn, slik desse er definert i EU direktivet, kan ikkje Norge gi løyve til prosjektet. Då kan truleg heller ikke deponiet takast i bruk slik det er planlagt. Det vil ikkje vere mogleg å tilbakeføre terrenget slik at vasstilførselen til Gryta blir som før dersom selskapet får fortsette anleggsarbeidet. Ny kunnskap i saka kan difor føre til at heile planen for gruvedrift i Engebøfjellet må omgjerast til ein konsesjon med underjordsdrift slik eit anna selskap seier er mogleg. Konsesjonæren har hatt meir enn 10 år på seg å få fram fakta om konsekvensane for tilsigsområdet. Tilstakshierarkiet sine prinsipp om å unngå, forebygge og kompensere skade gjeld.