Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Framnes (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1680 (2022-2023)
Innlevert: 15.03.2023
Sendt: 15.03.2023
Besvart: 21.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Framnes (FrP)

Spørsmål

Sigbjørn Framnes (FrP): Kva har/vil ministeren gjera for å legga til rette for bruk av aluminium som materiale ved brubygging i Norge?

Begrunnelse

Leverandørindustrien skal gjennom ei omstilling, dei fleste er godt i gang med å skaffe seg fleire bein å stå på. Ein leverandør ynskjer å satse på brubygging i aluminium, eg reknar med ministeren er kjent med dette. Ein av gevinstane med å bruke aluminium er reduserte vedlikehaldskostnadar i eit 100 års perspektiv. Enda er bygging i aluminium dyrare i rein byggekost, men ser ein dette i samanheng med reduksjon i vedlikehald er det fullt ut konkurranse kraftig. Det er uansett nokre hinder slik eg har oppfatta saka, det være seg vegnormer og konkurransegrunnlag som ikkje i tilstrekkeleg grad tar med vedlikehald kostandar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Vegnormal N400 Bruprosjektering angir inga krav til val av brutype eller materiale. Først når brutype og materiale er valt stiller vegnormalen ei rekkje krav til korleis brua skal prosjekterast. Vegnormalen stiller inga krav til korleis brua blir halden ved like med mindre vedlikehaldsarbeidet påverkar bereevna til brua. Vegnormalen stiller heller ikkje krav til kostnader, verken ved planlegging, prosjektering, bygging eller forvaltning av konstruksjonen.
Betong, stål og tre er dei mest brukte materiala for brubygging i Noreg, og dermed også dei materiala me har mest erfaring med. Vegnormalen opnar likevel for prosjektering av bruer i andre og mindre utprøvde materiale, slik som aluminium og komposittmateriale. Noreg har allereie ei bru i aluminium, Forsmo bru i Nordland. Statens vegvesen har gode erfaringar med brua etter opninga i 1995. Statens vegvesen har under planlegging ei overgangsbru (over jernbane) i aluminium i Trondheim, som og vil gi viktig erfaring for kommande bruprosjekt. Vegnormal N400 anbefaler bruk av materiale som ikkje krev planlagt periodisk vedlikehald for bruer som går over jernbane, firefelts-motorveg eller tofelts-veg med årsdøgntrafikk over 8000. Aluminium er et slikt materiale. Bruk av aluminium kan også vere fordelaktig til bruk i marine miljø.