Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1781 (2022-2023)

Innlevert: 23.03.2023
Sendt: 23.03.2023
Besvart: 30.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor Statens vegvesen region midt har forsøkt å framstille kostnadsnivået på Møreaksen heilt utanfor realismen i kostnadsutviklinga, samanlikna med absolutt alle andre vegprosjekt her i landet?

Begrunnelse

I prosjektet Møreaksen har Statens vegvesen i lengre tid framstilt dette prosjektet med totalt urealistiske kostnadsanslag. I resten av anleggsbransjen og i alle andre store vegprosjekt her i landet er kostnadsveksten formidabel. Prosjekt etter prosjekt har fått problem med den store kostnadsveksten medan ein ser ut til å holde på med "eit under" på Møreaksen.
Eit under må det være, når Statens vegvesen region midt har i lengre tid forsøkt å "trylle" vekk milliardane i overskridelsar på dette prosjektet, som sjølvsagt har same kostnadsveksten som sjølvsagt er i tråd med resten av landet sine vegprosjekt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: På oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet har Dovre Group og Transportøkonomisk institutt (TØI) gjort ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av E39 Vik-Molde. Det er krav til slik kvalitetssikring for alle statlege investeringsprosjekt med forventa kostnad over 1 milliard kroner.
Kvalitetssikringa skal vere ein kontroll av om grunnlaget for å fremje forslag om godkjenning av prosjektet med kostnadsramme er godt nok. Kvalitetssikringa skal også kartlegge moglege styringsmessige utfordringar i gjennomføringa av prosjektet.
Konsulentane har vurdert at Statens vegvesen sine kostnadsberekningar av prosjektet er gode. Vurderingane er også gjort i 2020-prisnivå for å ikkje få usikkerheit om kostnadsindeksar. Konsulentane har vurdert at styringsramma for prosjektet (P50) bør setjast om lag på same nivå som det Vegvesenet har anbefalt. Kostnadsramma (P85) er vurdert å setjast noko høgre enn anbefalinga frå Vegvesenet grunna at dei har lagt inn noko høgre usikkerheit. Det er ut frå dette semje mellom Dovre Group/TØI og Statens vegvesen om kostnadsnivået i prosjektet.
Frå 2020 har det vore ei stor kostnadsauke i heile bygge- og anleggsbransjen på godt over 20 prosent. Denne kostnadsauken påverkar E39 Vik-Molde på same måte som alle andre vegprosjekt. I tråd med Statens vegvesen sine rutinar for prisjustering av kostnader vil derfor også dette prosjektet prisjusterast etter den faktiske prisveksten i bransjen.