Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1915 (2022-2023)
Innlevert: 05.04.2023
Sendt: 11.04.2023
Besvart: 18.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): I Staten vegvesen sin oversending til NTP er tilskottet til reduserte bompengetakstar på riksvegar utanfor storbyområda vekke i alle tre rammeforslaga. "Vi anbefaler utfasing av denne ordningen, og har ikke forutsatt midler til den i perioden. Det er imidlertid ikke mulig å fase ut tilskuddsordningen for reduserte bompengetakster utenfor de største byområdene uten at dette medfører økte takster og/eller økt innkrevingstid i prosjektene som omfattes av ordningen."
Om dette blir vedtatt, hva blir effekten i økte bompenger for hvert enkelt prosjekt?

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg har nyleg mottatt svaret frå transportverksemdene på prioriteringsoppdraget til Nasjonal transportplan for perioden 2025–2036. I dei tre rammenivåa for prioriteringane har Statens vegvesen lagt til grunn at tilskott til reduserte bompengar for riksvegar utanfor byområda ikkje vidareførast i neste planperiode.
Tilskot for reduserte bompengar utanfor byområda vart innført som ein del av bompengereformen i 2017. Det er fastsett kva for bompengeprosjekt som er omfatta av ordninga. Som det ligg føre i retningslinene, vil fjerning av tilskotsordninga gje bompengeselskapa moglegheit til å auke takstane til ordinært/føresett nivå. Tilskotsordninga kompenserer selskapa for reduserte inntekter ved redusert gjennomsnittstakst med minimum 10 pst. Alle bompengeprosjekta som er omfatta av ordninga har i dag takstvedtak for to ulike takstnivå, eit méd tilskot, og eit alternativ der tilskotsordninga fell bort. Ei fjerning av den ordinære tilskotsordninga vil difor kunne gje ein auke i takstane på om lag 10 pst. i inntil 32 eksisterande bompengeprosjekt, og to framtidige bompengeprosjekt (E16 Bjørum – Skaret og E39 Rogfast). For einskilde bompengeprosjekt og bompengepakker kan det vere tilstrekkeleg å halde gjennomsnittstakst på dagens nivå. Dette er noko som bompengeselskapa må sjå nærare på dersom bompengetilskotet skulle falle bort.
Det er viktig for meg å understreke at dette er Statens vegvesen sitt faglege råd om korleis ressursane bør prioriterast i ny Nasjonal transportplan. Dette er ikkje ein fasit for korleis den endelege transportplanen vert utforma. Transportverksemdene sine svar på prioriteringsoppdraget til ny Nasjonal transportplan er no sendt på høyring med frist 3. juli 2023.
Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil sette seg grundig inn i forslaga og vurderingane vi har fått, og vurdere høyringsutsegna frå transportbrukarane, fylkeskommunane og andre. Vi vil også få ei oppdatering av talgrunnlaget frå verksemdene i oktober. I haust vil vi ha regionvise møter med fylkeskommunane, dei største byane, Sametinget og næringsliv.
På bakgrunn av dette skal regjeringa utarbeide eit forslag til ny Nasjonal transportplan. Regjeringa sitt forslag til prioriteringar og tiltak vil leggjast fram samla i Nasjonal transportplan 2025-2036 neste vår.