Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2660 (2022-2023)
Innlevert: 25.06.2023
Sendt: 26.06.2023
Besvart: 03.07.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil kommunalministeren ta initiativ til å bidra til å finne ei løysing som sikrar nødvendige avklaringar mellom stat, fylkeskommune og kommune for at det blir gjennomført flaumsikring i Innvik i Stryn kommune i Vestland, i tråd med planar for flaumsikring utarbeidd av NVE?

Begrunnelse

Ekstreme nedbørsmengder på kort tid førte i juli 2017 til flaum og store øydeleggingar i bygda Utvik i Stryn kommune. NVE har i etterkant av dette vurdert trongen for flaumsikring også i nabobygda Innvik, og lagt fram ein plan for kva tiltak som bør gjennomførast for å unngå liknande flaumhendingar også der i framtida.
NVE har prioritert flaumsikring i Innvik høgt, og sett av 70 millionar statlege kroner til flaumsikring av bygda, under føresetnad av at også kommunen og fylkeskommunen bidreg med nødvendige tiltak. Eitt av tiltaka NVE meiner er nødvendig, er utskifting av brua på Fylkesveg 60 gjennom Innvik, slik at denne vert tilpassa dimensjonerande flaumvassføring. Vestland fylkeskommune har ikkje vore villig til å prioritere dette tiltaket innanfor sine budsjett – og så lenge denne saka ikkje finn si løysing, vil heller ikkje NVE starte opp øvrige flaumsikringstiltak i bygda.
Poenget med dette spørsmålet er ikkje å fordele skuld for situasjonen mellom NVE og Vestland fylkeskommune, men å peike på at uansett kva dei ulike partane måtte meine, så er situasjonen pr i dag at særs nødvendige flaumsikringstiltak i Innvik-bygda – som er ferdig prosjektert og planlagt – ikkje blir gjennomført.
Følgjene av det kan bli dramatiske dersom ikkje situasjonen finn si løysing. Eg vil difor sterkt oppmode Kommunalministeren om å ta initiativ til fornya dialog mellom NVE, Vestland fylkeskommune og Stryn kommune, med sikte på å finne ei løysing som gjer at Innvik-bygda vert sikra mot framtidige flaumhendingar i tråd med allereie utarbeidde planer.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunar og fylkeskommunar er sjølvstendige, folkevalde forvaltningsnivå som tek sine eigne avgjerder. Eg har tillit til at våre lokalpolitikarar løyser dei utfordringane deira fylkeskommunar og kommunar står ovanfor på best mogleg måte ut frå lokale forhold og prioriteringar. Det er ikkje naturleg at eg som kommunal- og distriktsminister tek initiativ i ei slik sak som partane må finne ut av saman.
Avslutningsvis vil eg understreke at sektoransvaret for flaumsikring og etatsstyringa av NVE ligg til olje- og energiministeren.